VTV tippar tabellen

Valestrand er på nett med sesongens første Magasin, og denne gongen tek vi for oss 4. divisjonstabellen 2009. Kven vil kjempa om dei to gjeva opprykksplassane, og kven vil måtta kjempa med ryggen mot veggen for å unngå nedrykksspøkelset. Sjå Magasinet på VTV for å finna ut om du er enig med spådommane til VTV sin fotballekspert...

 

<<WEB-TV: Magasinet med tabelltips for 2009

 

 

Bjarte Vatle er VTV sin 4. divisjonsekspert, og han har halde alle klubbane under oppsikt gjennom vinteren for å kunne danna seg eit bilde av korleis det vil enda i 2009. Ikkje alle klubbar på dette nivået har nettsider som vert oppdaterte jamnleg, så andre kanalar har også vore nødvendige for å finna ut korleis stoda er i 4. divisjonsklubbane før sesongstart.

 

Som i fjor kjem VTV sitt tabelltips på nett etter at første runde er unnagjort, men Bjarte Vatle seier at han ikkje har vore freista til å gjera endringar på tabellen sin etter at resultata låg klare sist helg. -Sjølv om det kanskje var nokre litt overraskande resultat i den første runden, kan vi ikkje dømma ut frå berre ein kamp, seier VTV-eksperten til vhfk.no.

 

Like før sesongstart tok Bjarte Vatle ein prat med representantar frå alle klubbane i denne avdelinga for å høyra deira versjon om korleis det vil gå i år. Nye spelarar, spelarar i avgang, resultater i vinterens treningskampar og eigne ambisjonar er mellom kriteriene som har vore lagt til grunn for VTV sitt tabelltips.