Årets første tap

ÅSTVEIT, BERGEN: VHFK tapte 1-0 for NHH i dag og dermed kom årets første tap i den 16. serierunden. NHH var solide i forsvar og slapp ikkje gjestane til. I går spelte Loddefjord uavgjort mot Fusa og i dag tapte Djerv som ligg på plassen bak VH 2-1 for Radøy Manger. Dermed er det i praksis uendra i toppen av tabellen og spenninga stig for kvar runde som går...

NHH - VHFK 1-0 Slutt

Bane: Åstveit Idrettspark 1

Dommer: Espen Hansen

 

Kampfakta:

1-0 63`

 

 

 

Lagoppstilling VHFK:

1. Robert Eikeland

2. Morten Frøland

3. Torgeir Rud

4. Simen Kallekleiv

5. Joachim Solberg

6. Trygve Nilsen

7. Tom Sivertsen (Rødt kort)

8. Are Bryhn

9. Kristoffer Bognøy

10.Magnus Opheim

11.Pål Tufta

 

Benken:

12 Kristian Birkeland

13 Jonas Hauge

14 Simon Hauge

15 Magnus Reigstad

16

 

Før kampen:

Loddefjord havna i trøbbel i gårsdagens kamp borte mot Fusa. Før det var spelt ein halvtime var stillingen 3-0 til Fusa. Serieledaren fekk etter kvart sving på sakene og redda eit viktig poeng i 3-3 kampen. Dermed kan VHFK overta tabelltoppen med seier over NHH i dag.

Sandviken knuste Austrheim heile 11-0 og sendte dermed bortelaget ned i 5. divisjon neste sesong.

 

Kampen:

01 Kampen igang på Åstveit.

05 Jevn start på kampen. Spelet foregår stort sett på midtbana. Heimelaget har rulla opp eitt angrep på venstresida med sin raske venstrekant. Morten Frøland rydda fint opp.

13 Corner til NHH

Robert Eikeland er fint ute og boksar ballen ut.

16 Lett overskya på Åstveit. Ein god gjeng med supporterar har tatt turen i dag.

17 Tom Sivertsen i fint driv framover. Skyt frå 25 meter...langt over.

20 Det har skjedd lite dei første 20 minuttane her på Åstveit.

21 Kampens første sjanse går til VHFK. Pål Mål skyt frå 16 meter. Går til corner.

22 Corneren går fram og tilbake i feltet. Keeper oppe og hentar ballen.

23 Gjestane har opparbeida seg eit lite overtak her no.

25. Fint spel frå VHFK som endar hos Kristoffer Bognøy på høgrekanten. Eit hardt innlegg stryk så vidt forbi alle i feltet.

26 Corner VHFK.

Endar i ingenting.

30 VH har overtaket no. Frispark ved spissen av 16-meteren. Are Bryn gjer seg klar...

31Farlig inn i feltet....går til corner. 

Svak corner endar i ingenting.

33 Kunne vore stor sjanse for NHH, men dei bommar grovt på ballen omtrent på straffemerket. Heldig for VHFK...

34 Kristoffer Bognøy med godt skudd som går like utanfor frå skrå vinkel.

37 Kristoffer Bognøy fint framme igjen. Innlegget finn dessverre ingen i feltet.

39 Stor sjanse for NHH. Venstrekanten kjem seg fri, og skuddet har retning vinkelen, men Eikeland får såvidt slått til corner. God redning frå keeperen.

40 Magnus Opheim vender fint på 16-meteren, men skuddet går like utanfor.

44 Redning på streken av Joachim Solberg. Kjempesjanse frå NHH. Er heilt gjennom, og Robert Eikeland halvklarerer, men heldigvis står Solberg på streken og beinar ballen ut.

45 PAUSE 

Kampen er fortsatt heilt åpen. Begge lag har hatt sjansar, men heimelaget har vore nærast scoring.

 

Lagene klare til 2. omgang.

46 2. omgang i gang.

49 Skudd frå Magnus Opheim, men keeper plukkar lett.

Det er to gjerrige lag som spelar i dag. Ikkje mange sjansar her....

52 Frispark for NHH like utanfor høgre 16-meterspiss.  Blir klarert inne i feltet.

55 Frispark VH 25 meter midt på mål...

Rett i muren frå Bognøy.

56 Gult kort til Tom Sivertsen for ei litt for hard takling. NHH forsvarer seg godt...

57 VH pressar framover no. Tom Sivertsen gir alt.

59 Begge lag byttar. Jonas Hauge kjem inn for Trygve Nilsen.

60Fint angrep frå VH. Magnus Opheim og Kris Bognøy spelar seg fint framover, men skuddet til Opheim blir blokkert.

61 Frispark for VH og Are Bryn på høgrekanten. Slår fint inn i feltet, og ballen stryk like utanfor stolpen til NHH sin gode keeper.

63 MÅÅÅÅL......NHH - VH 1-0

Midt i VHFK sin gode periode, scorer heimelaget. Innlegg frå venstresida som vert heada i mål frå kort hald.

64 Are Bryhn får ballen på 6 meter, men bommar på mål. Stor sjanse for VH

66 Ny sjanse for heimelaget. Eikeland reddar skuddet.

72 VH prøver og prøver, men heimelaget er sikre og har forholdsvis god kontroll.

74 Frispark VH ved cornerflagget. Går i nettveggen frå Joachim Solberg.

75 Henning Klovning Rød inn for VH. Magnus Opheim går ut.

76 VH slit med å komma gjennom NHH-forsvaret. Det kan bli første mållause kamp på svært lang tid for Joen sine gutter. 

81 Skudd frå Bognøy, men høgt over. Det vil seg ikkje for VH.

83 Utvisning!!! Gult kort til Tom Sivertsen og ein NHH-spelar. Dermed er Tom Sivertsen utvist, og VH har 10 mann.

83 Frispark VH 22 meter

Rett i muren frå Are Bryhn

84 Nytt frispark. Inn i feltet denne gongen, men keeper plukkar.

85 Heimelaget har god tid no...

87 Det er kriging frå begge lag, og høg temperatur på bana no.

89 Corner NHH....ting tar veldig lang tid no.

90 Kjempesjanse for NHH. Åleine med keeper på 16-meteren skyt den blåkledde høgt over.

90+ Det går mot årets første tap for VHFK. Dermed tar dei ikkje vare på sjansen til å gå forbi Loddefjord som mista poeng mot Fusa i går.

90+ Kampen er slutt. NHH tar tre poeng, og VH taper for første gong denne sesongen.