Brannspelarar til Furubakken

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Neste veke startar VHFK sin årlege fotballskule, og allerede første dagen vert det storfint besøk på Furubakken. Brannspelarane Erik Mjelde og Yaw Amankwah kjem for å helsa på dei unge fotballspelarane, og det vert dermed ein flying start for VHFK-TINE Fotballskule denne gongen...

Førstkommande måndag vert det med andre ord stor aktivitet på Furubakkens grønne gras når nærare hundre unge fotballspelarar møtest til fotballskule. Brannstjernene er venta til Valestrand ein gong etter lunsj, og dei som samlar på Brann-autografar har då sjansen til å sikra seg navnetrekket til to hardhausar på årets Brannlag.