Dugnadsgjengen

Då Furubakken skulle måkast fri for snø mandagskvelden møtte halve bygda opp for å trå til. Rundt 80 personar var i sving med spadar og snøskuffer. Alt i frå foreldre for dei minste spelarane i klubben til damelag, A-lag, B-lag, trenarar og styre stilte opp...

Snøen har "lava ner" i vinter og det ser ikkje ut til å gi seg med det første. På mandag var det dugnad på Furubakken med målsetning om i alle fall å få halve bana fri for snø. Rundt 80 personar møtte opp med friskt mot. Dei fann fort ut at å få fram grønnfargen på bana ville bli vanskeleg. Det snødde tett og under den hardpakka massen var det ein god del is.

Den fantastiske jobben som vart gjort i går vil nok framskunda tiningsprosessen fleire dagar.

No får vi håpa på  varme,vind og regn framover for å få treningsklar bane.

 

-For oss tillitsvalgte var det veldig motiverende at dugnadsånden fortsatt lever i klubben, sa formann Ove Håland til vhfk.no i dag.

-Den jobben som vart gjort i går var rett og slett fantastisk, og bana vert nok klar ein del dagar før den kunne blitt  pga. det fenomenale oppmøtet i går kveld, legg han til.