Før avspark

Det er klart for seriestart i 4. divisjon denne helga. Valestrand Hjellvik møter Sandviken i rundens siste kamp søndag ettermiddag. Det er venta mykje folk til storkampen i solskinet på Furubakken. I dag er det fem kampar som går av stabelen. Det er klart for serieåpning.

Djerv - Loddefjord

To lag som begge har ambisjonar om opprykk til 3. divisjon. Loddefjord havna på 4. plass i fjorsesongen i vår avdeling og blir garantert eit av topplaga i år.

Djerv kom ner frå 3. divisjon og vil kjempa med nebb og klør for å komma seg opp att denne sesongen. Laget er med i NM og slo ut tredjedivisjonslaget Lyngbø i 1. kval. runde denne veka med 4-1 eeo. Vi trur det blir ein jevn kamp på Møhlenpris med Djerv som hårfin favoritt.

Nordicbet sin odds: H - 1.40  U - 6.00  B - 3.65

 

Laksevåg - Fusa Fotball

Laksevåg slo seg i vinter saman med Orion som spelte i den andre 4. divisjonsavdelinga i fjor. Dermed bør Laksevåg vera vesentleg forsterka i forhold til fjorsesongen. Fusa Fotball kom opp frå 5. divisjon og kan få det tøfft mot Laksevåg i seriepremiera. Vi trur Laksevåg stikk av med alle poenga i denne kampen.

Nordicbet : H - 1.95 U - 5.00 B - 2.30

 

NHH - Radøy/Manger 

NHH kom på ein flott femteplass i debutsesongen sin i 4. divisjon i fjor og siktar endå høgare i år. Laget har rast oppover i divisjonssystemet dei siste sesongane og tar i år sikte på nok eit opprykk.

Radøy Manger har ein brei og jevn stall i år og blir nok ein del bedre enn fjorsesongen.

Laget kan fort blanda seg inn i toppen av tabellen, men då må dei vinna slike kampar som denne. Vi trur på poengdeling.

Nordicbet: H - 1.65 U - 5.75 B - 2.70

 

Rosendal - Austrheim/Lindås

Rosendal rykka ner i 5. divisjon i fjor, men vart redda av gongongen. Årstad trakk laget sitt og dermed kunne Rosendal feira opprykk allereide i februar. Vi trur feiringa blir kortvarig og at nyopprykka Austrheim/Lindås stikk av med alle poenga i denne kampen.

Austrheim/Lindås må stola på  at dei erfarne i troppen forsatt har vinnarvilje. Då kan denne sesongen bli bra. Vi trur på ein sikker borteseier i denne kampen.

Nordicbet: H - 2.15 U - 5.00 B - 2.10

 

Voss 2 - Ny Krohnborg

Vanskeleg kamp og spå utfallet av. Umulig å sei kva lag Vossingane stiller med i denne kampen. Tredjedivisjonslaget til Voss startar sesongen neste helg og dermed kan det fort bli tøfft for Ny Krohnborg. I går gjorde Åsane 2 heile seks bytter det første minuttet i sin åpningskamp i 4. divisjon og vann sjølvsagt på det. Spennande å sjå om Voss 2 finn på noko liknande. Ingen odds på denne kampen frå Nordicbet.

Ny Krohnborg blir nok å rekna i toppen i år også. Laget hadde ein pangstart på sesongen i fjor og låg lenge an til opprykk, men ein særdeles svak haustsesong gjorde at laget tilslutt havna på 4. plass.

 

Søndag

Valestrand Hjellvik - Sandviken

Toppkamp på Furubakken allerede i første serierunde. VHFK hadde ein svært spennande haust med tanke på den siste opprykksplassen til 3. divisjon, men det vart tilslutt Os 2 som kom seg opp. No satsar VH på førsteplass i avdelinga og har forsterka laget i alle ledd før sesongen.

Sandviken sleit heile fjorsesongen i bunnen av 3. divisjon og måtte tilslutt ner eit hakk. no spørs det om laget klarar å reisa seg og vera med å kjempa i toppen i år. Vi trur på ein jevn kamp med heimelaget som ørliten favoritt.

Nordicbet: H - 1.70 U - 5.50 B - 2.60

 

Ukens risiko!

Det blir nok ein del jevne kampar denne runden og tippeselskapet Nordicbet tilbyr svært gode odds på uavgjort resultat. Tør du satsa ein hundrings på tre uavgjorte?

Her er vårt tips til rask rikdom.

Djerv - Loddefjord U - 6.00

VHFK - Sandviken U - 5.50

NHH - Radøy Manger U - 5.75

Total odds: 189.75

Satsar du ein hundrings og får full klaff sitt du igjen med nesten 20000.-