Fotball skal væra gøy!

Minigutter 9 spelte i går kamp mot eit lag frå hi siå.<br /> Eg kom i frå behandling for ein rygg so streika, men som far ville eg ha med meg detta.<br /> I strålande sol på Furubakken va da duka for ein liten time med knallgod fotball og ekte fotballglede utført av 9 åringa. Men da va heilt andre ting so fekk fram skrivelysten i meg.

Dei fleste på detta Valestrand/Hjellvik laget har spelt i lag sia dei va 5-6 år, nokke so gjer at dei e ganske so samkjørte og kan diska opp med ganske imponerande pasningspel.

Dei tapte ein kamp i forrige veka, og da e vel den første kampen dei har tapt på fleire år. Uansett, dei e ein livlig gjeng som har da knallgøy i lag og elska å spela fotball.

Som da bør vera med unga i den alderen som e på fotballbanå. Eller unga i alle aldra.

 

Så va da detta andra laget. Ein gjeng med livlige fastlandsunga kjem opp på Furubakken ette å ha hatt ein herlig og befriande tur øve fjorden med Bullaferjå.

Og so stille dei med tre trenara. Ja, du las rett! 3 trenara.

 

Da kunne jo for så vidt vore grett da. Å ha tre trenara.

Men her va da snakk om tre trenara som i frå dommarn blåste…, nei som i frå dei kom opp på Furubakken maste hol i håve på ungane. E jo ikkje sikkert at alle tre va trenara, men for oss andre som va og såg på kampen so virka da iallfall sånn

Når kampen begynte so stod to tå dei på eina langsiå og eine stilte seg bak egen keeper.

I løpet av kampen så tru eg ikkje dei stakkarane som stod i mål fekk anledning til å tenka ein einaste tanke sjøl. Da  va eit konstant mas i frå mannen bak målet om ka valg som skulle bli tatt når Valstrann spelarane kom mot mål, kortid han skulle slenga seg, kortid ballen skulle skytast ut, kor langt og ikkje minst kem ballen skulle til.

Og so hadde du dei to so for langs sidelinjå som to katta med sennep i ræve og medfølgande munndiarè. –Må dekke opp de i svart og hvitt, halloooo, kem som skal være her då, må følle me`, pass på no då, må markere her då, fremover,fremover,fremover, må følle med bak, heyhey, har vi glemt markeringene her….

To persona som står sånn og mase, i tillegg til ein bak mål.

Eg kjente at da begynte å verka meir og meir bak i ryggen og at eg faktisk hadde lyst å prøva detta gamle sennep-trikset på dei tre karane. So kunne me sendt dei på 3000 metern rundt banå, mens alle ungane i heila bygde hadde stått langs sidelinjå og fortalt dei korleis dei skulle springa, ka fart dei burde holda, kortid dei skulle setta inn sluttspurten osv.

Kampen vart heldigvis avblåst mens eg stod og drømte meg vekk. Valstrann vann 6-2 og va strålande fornøyd. Bortsett frå at dei hadde brent ein del sjansa.

 

Men hvis dei fleste tå desse spelarane på da andra laget kjem te å gje seg med fotball innen året e omme, so ville ikkje da overraska meg da minsta. Dei må jo mykje heller villa driva med fisking, bridge eller tennis, dar dei slepp å ha ein (eller fleire) hengande øve seg so fortel ka og korleis ein skal gjera da til ei kvar tid.

På trening so kan ein fortelja ungane korleis ting skal gjerast, da e jo tross alt kalt trening for at ein skal trena på nokke.

Men ikkje når  da e kamp. Iallfall ikkje heila tie. Klart da går an å sei ifrå om ting i ny og ne, men når da blir på eit sånt nivå so da va på Furubakken i går…

 

Da som e so toskje e at detta ikkje e første gongen eg har hatt sånne opplevelsa.

E utrulig mange trenara innan aldersbestemt fotball so går rundt og innbille seg at dei e tippeligatrenara.

Synd, men sant!

Husk på at ungane skal ha da gøy og! Og snakk ungane sitt språk.

Da e faktisk ein del so oppriktig trur at alle unga forstår følgande:

Me e gode i gjenvinningsfasen, men det er få som går på løp i bakrommet og nesten ingen som går på skudd. Og tredjeforsvararane posisjonere seg for dårlig.

Håpe og trur at VHFK trenara ikkje heldt på slek.

Skal ein få kommande stjerne, so må ein visa dei at fotball e gøy…

 

Gleda meg te neste kamp gutta!