Furubakken klar til kamp

FURUBAKKEN, VALESTRAND: God gammaldags vinter har skapt utfordringar for Valestrand Hjellvik, og treningsfeltet på Furubakken har ikkje vore brukande til fotballspeling dei siste vekene. Men no vert snøen fjerna frå bana, og det grønne teppet ligg igjen framme i dagen...

Dei siste dagane har dugnadsgjengen stått på for å fjerna all snøen, slik at alt skal vera klart til A-laget si sesongoppkjøring. Det har vore eit omfattande arbeid, men no ligg bana der grønn og fin.

 

Først vart snøen fjerna, og deretter vart deler av bana salta. Dette gjer no at Furubakken er klar til både trening og kamp for fotballsugne spelarar. Etter det vhfk.no kjenner til, startar A-laget Furubakken-treningane i morgon (måndag).