God førsteomgang

Valestrand Hjellvik spelte ein god førsteomgang i treningskampen mot Frøya og hadde divisjonskollegaen i kne etter 25 minutt. Så gjekk lufta ut av VH-ballongen og Frøya tok over meir og meir. Tomålsledelsen vart etter kvart utligna og dei svartkvite ser no fram til påskeferie.

-Det er bra vi ikke taper kampen. Frøya hadde overtaket i hele andre omgang, sier Torgeir Rud til Bygdanytt etter kampen.

 

VHFK spelte svært godt den første halvtimen og etter scoringar av Trygve Nilsen og Magnus Opheim leda laget fortjent 2-0. Men så tok kreftene slutt. Etter ein lang og tung treningsperiode er det naturleg at ein tilslutt møter veggen. No skal batteria ladast med påskeferie før ein møter Vestsiden Askøy til generalprøve på Furubakken andre påskedag.

Seks dagar seinare brakar det laus med seriepremiere mot Sandviken som for øvrig fekk bakoversveis mot eit reserveprega Arna Bjørnar i helga.

 

Frøya - VHFK 2-2

0-1 Trygve Nilsen

0-2 Magnus Opheim

1-2

2-2