Innspurten har starta

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Sesongen 2010 går no inn i ein svært spennande avslutningsfase, og med berre tre kampar att å spela har Valestrand Hjellvik framleis alt i sine eigne hender. Vinn dei heimekampen mot Djerv på laurdag og borteoppgjeret i Rosendal neste helg, er det duka for ein ekte seriefinale mot Loddefjord på Furubakken i siste serierunde

Det er mykje som står på spel for ein liten fotballklubb desse siste vekene av fotballsesongen 2010. Eit opprykk til neste års tredjedivisjon vil bety enormt mykje både for klubben, bygda og heile Osterøya.

 

Allerede no på laurdag kjem det første av tre hinder som må passerast dersom opprykksdraumen skal oppfyllast. Då kjem Møhlenprislaget Djerv til Furubakken for å kjempa om poenga, og sjølv om blåtrøyene ikkje har så mykje anna enn æra å spele for kjem dei nok til å gje vertane på Furubakken kamp til døra. Djerv ligg på tabellplassen bak VHFK, og kjem uansett til å spele 4. divisjonsfotball neste sesong.

 

Opprykksrival Loddefjord har to rimeleg overkommelege motstandarar før avslutninga på Furubakken,  så det vert nok lite hjelp å håpa på for Valestrandslaget frå verken Voss 2 eller Laksevåg.

 

Det er svært viktig at folk kjem for å støtta Valestrand Hjellvik i desse siste kampane. Klarer Valestrandsbygda å mobilisere folk til ei stappfull Furubakken-tribune på laurdag kl. 15.00, vil det hjelpa laget enormt i kampen om dei livsviktige poenga.