Klart for toppkamp

Det er klart for toppkamp på Furubakken Stadion fredag kl. 1900. VHFK får besøk av Ny Krohnborg som har sikra seg skalpen til Voss 2 og Laksevåg i sesongstarten. Heimelaget har kun ein mann ute med skade og trenar Jo Solberg kan plukka frå øverste hylle når han tar ut laget til ein av dei viktigaste kampane denne sesongen.

Valestrand Hjellvik har hatt eit godt tak på Ny Krohnborg dei siste åra. I fjor vart det heile 6-0 på Furubakken i eit forrykande uver. På Krohnsminde braut VHFK ein stygg tapsstatistikk og knuste Ny Krohnborg 6-1. For to år sidan vann VH 2-1 på Furubakken, medan det på Krohnsminde vart 3-1 seier til bylaget.

 

Pål Kjetil Tufta er den einaste spelaren i stallen til Jo Solberg som er ute med skade. Han har ikkje trent sidan sesongstarten og slit framleis med ryggtrøbbel.

I kampen mot Fusa Fotball sist helg debuterte Morten Frøland for VHFK i seriesamanheng og gjorde jobben sin svært bra. Publikummet på Furubakken kan sjå fram til å sjå han i den svart-kvite drakta i morgon. Goalgetter Magnus Opheim har funne vegen til nettmaskene i begge dei første kampane og jaktar garantert nye scoringar i morgon.

 

Ny Krohnborg har hatt ein flott sesongstart med to trepoengarar. Motstandarane dei har møtt er tippa på nedre halvdel på tabellen i år, men bylaget har likevel imponert og sikra seg viktige poeng. I kampen mot Voss 2 i første serierunde leda Ny Krohnborg heile 4-0 til pause, men vossingane var fullt på høgde med dei raudgrønne og resultatet var nok litt flatterande.

Fjorårets toppscorar Tom Andre Axland (14 mål) har starta godt i år også med to scoringar i sesongstarten.

 

Møt opp på Furubakken fredag kl. 1900 og få med deg ein av denne sesongens godbitar. Det er heller ikkje for seint å sikra seg sesongkort på Furubakken, og du kan ta kontakt med Ove Håland på telefon 93241511 dersom du vil støtta klubben på den måten. Sesongkortet kostar 500 kroner og gjer deg fri entre på alle heimekampar denne sesongen. I tillegg får du 10 % på supporterutstyr og klede i salsbua på Furubakken ved å visa fram kortet.