Klin i vinkelen frå Rud

No ligg VTV-høgdepunkt frå kampen mot Radøy/Manger på nett, og du kan sjå Are Bryhn klinka eit frispark i nettet frå 25 meter. Du får også med deg Torgeir Rud som regelrett klistrar ballen heilt oppe i krysset dersom du klikkar deg inn på Valestrand-TV...

VTV jobbar for tida med å ferdigstilla sine nye lokaler på Furubakken-tribuna, og har måtta prioritera dette den siste veka. Men no ligg høgdepunkt frå 4. rundekampen mot Radøy/Manger på Sletta endeleg på nett.

 

-Vi arbeider hardt for å få ferdig dei nye lokalene våre på Furubakken, og ser verkeleg fram til å ta dei i bruk, seier ein oppglødd Bjarte Vatle i VTV. Håpet hans er å få lokalene i brukbar stand til neste heimekamp, slik at både filmteam og speakertenesta kan debutera i nytt hus mot NHH førstkommande laurdag.