Knuste Valdres

Valestrand Hjellvik var i Sogndal på treningsleir sist helg, og her gjorde laget den siste finpussen på serieforma. Trenar Jo Solberg var svært fornøyd etter storseieren mot 4. divisjonslaget Valdres, der den nysignerte forsvararen Joachim Solberg fann vegen til nettmaskene to gonger...

-Målet for treningsleiren var å få ei god sosial økt under gode treningsforhold, samt å få matching på vårt nivå. Det har vore heilt supert, fortel Jo Solberg til lokalavisa Bygdanytt.

 

Trenaren var ikkje fornøyd med nivået laget hans viste mot Erdal på Hatland før treningsleiren i Sogndal, men i kampen mot Valdres viste laget solide takter og skal no vera klar til å ta fatt på serien.

Vhfk hadde full kontroll heile kampen og viste fram angrepsspel som vi huskar i 2009 sesongen.

Joachim Solberg scora to av målene i storseieren mot Valdres.

 

Valestrand Hjellvik - Valdres 5-1

Joachim Solberg (2), Pål Tufta, Mons Gillesdal og Trygve Nilsen