Opheim scora igjen

EIKELANDSOSEN/FUSA: A-laget til Valestrand Hjellvik spelte seg til dusinvis med målsjansar mot nyopprykka Fusa fredag kveld, og burde ha scora eit tosifra antal mål. I staden vart det til slutt ein knepen siger mot eit heimelag som avslutta kampen med berre 8 spelarar. Magnus Opheim (bildet) scora på nytt for VHFK, og var med å sikre tre nye poeng for Furubakken-laget...

KAMPFAKTA 4. DIVISJON

 

Fusa Fotball - VHFK 1-2 (0-2)

Eikelandsosen kunstgras

0-1 Mons Gillesdal

0-2 Magnus Opheim

1-2 (87)

 

 

Kampen gjekk i eit forferdeleg regnver med ilagt sterk sidevind, og både tilreisande supporterar og kamerateamet til VTV fekk store problem med å få det nødvendige utstyret på plass.

 

Gjestane frå Valestrand var det klart beste laget i denne kampen, og leia fortent 2-0 til pause.  Første scoringa kom etter eit perfekt frispark frå silkefoten til Are Bryhn, og Mons Gillesdal krangla ballen i mål til ellevill jubel frå supporterane på tribuna. Deretter var det Magnus Opheim sin tur, og han breidsida ballen i nettet frå kloss hald etter eit utsøkt Bryhn-hjørnespark.

 

Heimelaget hadde også sine målsjansar før pause, og fekk tildelt straffespark midtvegs i omgangen. Ein god Robert Eikeland i VHFK-buret gjorde alt rett, og let seg ikkje overlista på skotet frå 11-meteren.

 

Etter pause var det omtrent berre eitt lag på bana, og gjestane overkøyrde til tider frustrerte Fusa-spelarar. To-tre gonger hadde dei svartkvite ballen i nettet, men kvar gong var det ein linjedommar som vifta med flagget sitt.

 

Etter kvart kunne det virka som om VHFK-spelarane hadde fått scoringsvaksine, for maken til sjansesløseri er det lenge sidan vi har sett. Bakerst hos heimelaget stod ein god keeper som ein vegg, og tok imot det som kom.

 

Fusa-spelarane måtte stadig vekk ty til ulovlege midlar for å stoppa gjestane, og dommaren delte ut ein heil kortstokk med gule kort. Til slutt måtte han skifta farge på kortet, og heile tre gonger såg heimelaget raudt.

 

I sluttminuttane klarte heimelaget å gjera det litt spennande også. Med ni mann igjen på bana reduserte dei til 2-1 på ein av svært få sjansar i denne omgangen. Like etter fekk Jonas Hauge springa i ro og mak over halve bana mutters åleine mot Fusa-keeperen, utan å overliste den solide sisteskansen.

 

Dermed enda det med 2-1 til gjestane frå Valestrand, og trass i sjansesløseriet kunne dei stappa tre nye seriepoeng ned i bagen.