Opna med målfest

A-laget til Valestrand Hjellvik spelte torsdag kveld sin første kamp i 2010, og motstandar var 5. divisjonslaget Kvernbit. Joen og hans menn held fram der dei slapp i fjor, og lagde målfest i opningskampen...

Begge scoringsmaskinene Pål Tufta og Trygve Nilsen laga hat-trick i kveldens kamp, medan debutantane Joachim Solberg og Morten Frøland scora eitt kvar. Også Jonas Hauge putta ein ball i nettmaskene bak Kvernbit-keeperen, slik at laget frå Furubakken kunne reisa heim att med 9-0 i bagasjen.

 

Valestrand Hjellvik stilte med dette laget mot Kvernbit:

 

Jan (Robert 45), Joachim, Yngve (Kalle 25), Simen, Thomas (Trygve Reigstad 25) Kristoffer, Rayner, Morten, Jonas, Pål, Trygve Nilsen.