Opprykk

Har høyrt mange fantastiske historia og anekdota frå kampen og kva som føregjekk rundt om på tribunane på lørdag. Eller kanskje aller mest på andre plassa enn frå tribun – Dei som for bak nåve, sprang te skogs, gøymte seg i klubbhuset eller gjekk i kneståande på indre bane. No ska eg prøva å få ned litt på papiret korleis mi veka har vore.

Kom heim frå jobb seint måndag, utan mobiltelefon  og kasta meg øve gjestebok for å fretta siste nytt. – Dugna på banå, heila vekå!

 

Tysdag va da berre å levera i badnahajen og komma seg opp på Furubakkjen, dar karane alt va i sving og promotor Steinar organiserte so godt som råd. Det tok ikkje lang tid før det gjekk opp at her var det behov for ein durabelig innsats. – Kledning, listing, maling, slamming, taktekking, slått, rydding, klipping av buske, vøling og sikring av tribune, grusing, muring, bygging av trapp, harving av bana, organisering, m.m.  Furubakken var rett og slett ikkje langt nær klar for å ta imot storinnrykk med folk.

 

Heldigvis kunne fleire stilla og heldigvis hadde ein nokre daga på seg.  Då gjerde rundt Bunkersn blei vøla, sikra og forankra spøka ein med at det var for å tåla presset om det skulle bli ein sein avgjerande scoring. – Da kan jo skje….

 

Onsdag gjekk mest med til ultralyd der det kom tydelig fram at ein arvtakar til badnafakte og gaukaskap var i annmarsj. Men også denne dagen rakk ein nokre timar på banå der det sakte men sikkert blei gjort framskritt.

 

Torsdag var det på’an igjen der undertekna, Steinar og Magnus fekk mura opp ei mykje etterlengta trapp opp til Bunkersn. Når ein ser på opptaket frå TV2 i ettertid, der folk styrtar ned nettopp denne trappa, kan ein ikkje væra ant enn letta over at den kom på plass. Her kunne ein mesta gjort formastelse….

 

Fredag vart det for min del ikkje gjort mykje då ein hadde prominente gjesta i familien Klovning Rød på visitt med lunsj og grilling. Dagen var likevel ein påkjenning då natta i førevegen stort sett gjekk med til å liggja å sjå i taket med vidopne auge samt vakna med eit rykk før 6. For å få ned stressnivået blei  Cadillacen henta og utstyrt med badnasete framme. Ei salig lita jenta fekk innta cockpit og satte bestemt ned foten for å køyra heim til barneTV.  Da skulle cruisast!

 

Arno og Gisle stod for dagens største prestasjon då dei selde restaklè, hettegensara og supportereffekta og fekk in bortimot kr. 30 000,- Me va sjølvsagt innom og fekk tak i da viktigaste i rett storleik. Då sku alt væra klart for frukost i dress og tidlig utflukt laurdag….

 

Seriefinale!

 

Til tross for elendig matlyst gjekk frukosten ned til slutt og ein fekk kledd seg i rett mundur og med ull innerst. Cadillac på tomgang og skraping av is på ruta førte til ein røyklagt tun og 1 liter mindre på tanken. So seig ein av gårde på lavast mulig gir, ner Åsn og bort på Restå. Her blei da plukka opp små og store på Mostraumtunet for henting, levering og berre for turen sin del. So blei det litt cruising hit og dit samt ein måtte henta litt som var gløymt, som til dømes ein heil berepose med bluss.

 

Til slutt hadde dei fleste inntatt Bunkersn i god tid, som for anledninga var dekka av ekstra mykje forskalingsplank i 4 høgder. Til tross for det, var det ikkje ein plass ledig. Ein halvtime før avspark var det begynt å velta seg i magen og ein time-out bak med gjerde og litt fishermann for å klarna halsen vart påkravd. Då kampen kom i gang var det berre å gi gass og nervane roa seg litt. Dette holdt seg til ca. 10 minutt igjen då eg såg på klokka kvart 8 sekund og sakte men sikkert mista kontakt med omverda. 10 minutt – alt for mykje igjen, 7 minutt – alt for mykje igjen, 5 minutt – alt for mykje igjen, 3 minutt – detta kan gå! So…… 0-1

 

Huska ingen ting av målet og mens eg såg jubelscena med dei raude og grøne involvert gjekk det opp for meg at me e berre da laget som alltid ska bli omtala som ”Nesten-laget”. Dei som alltid ryk te på slutten. Dei som alltid havna på plassen rett bak….

 

Eg gispa ette luft og tok ein runde bak på Bunkersn. - Nei, da e no ein lyt heia, tenkte eg. – Da e no dei treng da som mest! Eg såg alle framføre med heia og skreik for full hals og vart letta…. Men eg klarte ikkje meir, eg klarte rett og slett ikkje meir. Ka gjer eg, kor går eg? Til slutt sat eg på huk heilt inne med sittetribun i grusn og sei til ei lita jenta på 3 ½ år – No må du trøsta pappen din for han e veldig veldig lei seg.  Ho ser på meg, legg armane om halsen og gir ein god klem.

 

Med da sama ser eg ein reaksjon spreia seg hjå publikum langs sidelinja. Eg ser Oln hoppa med armane opp i lufte og ropa – Straffe!

 

Eg klara ikkje reisa meg, eg klara ikkje sjå….

 

Tida går og da føles som ein evighet mens 10 000 tanka går rundt i håve på ein gong.

 

Til slutt kjem eg i kneståande og opp

 

Og i da sama eg ser øve folkemengda på sidelinja, tar Øyvind fart og skyt balln….

 

I MÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅL!

 

Med eit kom dar litt mykje vind øve bana og virvla opp ein del støv som dessverre kom inn på augena. Ganske ubehagelig i kombinasjon med kontaktlinse….

 

Takk til alle! Alle!

 

Auditor fortuna juvat