Opprykksbonus frå SpV

VHFK fekk ein sjekk på 10.000 kroner frå sin gode samarbeidspartnar Sparebanken Vest på fotballfesten i Kongshall. Dette var rein opprykksbonus frå Osterøys einaste bank, og formann Ove Håland var i ekstase etter at den flotte pengegåva vart avslørt.<br /> -Heilt utruleg kjekt! Ei flott gave frå vår knallgode samarbeidspartnar, jubla Håland til vhfk.no.<br /> Det var andre og som fekk prisar på fotballfesten...

Fotballfesten 2010 åpna med eit smell og kvinande dekk frå ein svart og kvit caddilac som kom sladdande inn på Breistein fergekai og ombord i Bullaferjo med to solide brak då bilen kvelva seg over fallemmane. Dette var introen som Steinar Vatle i VTV åpna showet med på storskjerm i Kongshall.

Vidare fekk me gjennoppleva dei dramatiske overtidsminutta på Furubakken på godt og vondt.

Først den sørgelege stillheten i det 87. minutt, før da bygde seg opp att til Jonas Hauge kasta som han aldri har gjort før i det 95. minutt og ein stakkars Loddefjord-innbyttar ikkje klarte å holda hovudet kaldt og strakk ut ei hjelpande hand til VHFK. Jubelbruset då dommaren peikte på straffemerket, hjerteslaga til Øyvind Thomassen då han var i tilløpet og tilslutt jubelscenene på Furubakken. Stemninga i Kongshall under åpningsintroen til festen var omtrent like magisk som på Furubakken 16.oktober kl 1500.

 

Etter at jubelen la seg i festlokalet var det klart for å avsløra årets konfransier og stemninga vart ikkje akkurat lavare då Davy Wathne frå TV2 kom fram på scena i ungdomshuset. Han tøysa og tulla i god Davy-stil og trollbandt publikum med sin solide tilstedeværelse og kjappe replikkar. Han loste oss gjennom prisutdelinga som berre Davy Wathne kan.

Han kunne i tillegg avsløra at i løpet av sin 18 år lange karriere i TV2-huset var det innslaget om VHFK som feira opprykk som hadde gitt flest positive tilbakemeldingar frå publikum.

-Det er jo dette fotball dreiar seg om, sa han. Gleden og entusiasmen over å vinne ett opprykk. Det er jo artig å endelig få feste med ekte fotballkjendiser og det er det ikke hver dag jeg gjør. Dette mener jeg helt seriøst. Dere er ekte fotballkjendiser fordi innslaget med VHFK som gikk på Tv 2-sporten er det vi har fått mest og best tilbakemelding på fra hele nasjonen. Med denne festinnleiinga sette TV 2 sportens Davy Wathne standarden for resten av festen.


 

Prisvinnarar VHFK 2010

 

Folkets pris:

Robert Eikeland etter avstemming på vhfk.no

 

VTV-Prisen 2010:

Robert Eikeland

 

Årets Mål:

Kristoffer Bognøy (for si perlescoring mot Djerv på Furubakken)

 

Årets Øyeblikk:

Øyvind Thomassen (for si straffescoring 7 minutt på overtid mot Loddefjord)

 

Hedersprisen:

Jo Solberg

 

Årets nykommar:

Simen Kallekleiv

 

Årets Lagspelar:

Jonas Hauge

 

Toppscorar:

Magnus Opheim (12 mål)

 

Poengkongen:

Øyvind Thomassen

 

Årets Spelar:

Robert Eikeland (Trenarane sin pris)

 

Årets Spelar:

Torgeir Rud  (Spelarane sin pris)

 

Årets Spelar:

Robert Eikeland (VHSK sin pris)