Osterøyfestivalen 2010

Programmet for Osterøyfestivalen er på plass og i år er det Dance with a Stranger som skal avslutta med storkonsert. Festivalen går over to helger i juni og startar laurdag 12. juni med kassabilløp, bilrebusløp og eksosrypefest.

Programmet forsetter med 9-fjellsturen på Osterøy søndag 13. juni. Det er i skrivande stund ikkje avklart kva fjelltoppar som er valgt ut til turen, men Ove Håland lovar at det blir ulike variantar som skal passa dei aller fleste uansett størrelse og form.

 

Torsdag 17. juni blir det garantert høg stemning når Espen Thoresen Hværsågod-Tallskalduha får med seg fleire andre komikarar frå Stand Up Norge til kveldsshow.

Thoresen er kjent frå NRK der han står bak radioprogrammet XL og TV-programmet XLTV. Han har og vore programledar for Mandagsklubben på TV norge.

I fjor kunngjorde han at han ville gifte seg med humor-kollega Espen Schau, kun med økonomiske motiv.

Dette blir nok eit av høgdepunkta på årets festival.

 

Fredag 18. juni blir det pubkveld med quiz.

 

Laurdag 19. juni er den store festivaldagen med den årlege Talentiaden før det brakar laus med Dance With a stranger konsert og dans.

Med Elg og Frode Alnæs i spissen satsar ein i år på ny publikumsrekord.

-Det meste vi har selt av billettar til ein konsert er rundt 700, seier Ove Håland til lokalavisa Bygdanytt.

 

Ta turen innom Osterøyfestivalen si eiga heimeside www.osteroyfestivalen.no for siste nytt om festivalen.