Parkeringsinfo

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Det er venta svært mykje folk til laurdagens opprykksfinale mellom VHFK og Loddefjord. Styret i VHFK kjem her med ei pressemelding som inneheld litt parkeringsinfo.



Viktig parkeringsinfo laurdag

 
Det er venta mange tilskuarar til laurdagens kamp mot Loddefjord. VHFK var i går i møte med supporterklubben med mål om å danna seg eit bilete over kor mange som har tenkt seg på kamp. På møtet diskuterte ein ulike scenarier og erfaringane frå Ole Bull-spelet tidligere i år kom godt med.
 
Kampstart er for dei som endå ikkje har fått det med seg kl. 13.00 laurdag 16.oktober 2010.
"Portane" opnar kl. 12.00.
Me oppmodar alle som kjem med ferja om å parkere på Breistein. Ferjeavgang frå Breistein som passar med kampen er kl. 11.30, 12.00 og 12.30. Ferjeavgang frå Valestrand etter kampen er kl. 15.15, 15.45 osv.
 
Dei som kjem kjørande til Valestrand og er kjente, oppmodar me om å finna egneleg parkering rundt omkring Valestrand sentrum.
Det er også mulig å parkere på Hauge og ta vanlig rutebuss til Valestrand (5 min. busstur). Før kampen går det vanlig rutebuss kl. 11.35 og 12.33 frå busstoppet ved Osterøytunet. Etter kampen går det rutebuss frå Valestrand kl. 15.10 og 16.10.
 
Me vil også gjera oppmerksom på at det kun er spelarar og trenarar, dvs. laggruppa til begge lag samt dommarar, som vil kunne parkera ved skulen og bana.
Bevegelseshemma vil også kunne få parkere ved bana/skulen evt. ein tar i bruk lærarparkeringa nede i bakken.
 
Me ynskjer med dette alle som vil sjå opprykksfinalen mellom Valestrand Hjellvik og Loddefjord velkommen til Furubakken Idrettsplass på laurdag kl. 13.00.

Styret i VHFK.