Protesten avvist

VHFK kan endeleg sleppa jubelen laus etter at Loddefjord sin protest i går vart avvist av NFF. No kan vi starta arbeidet med å forsterka klubben med tanke på 3. divisjonspel neste sesong, seier Ove Håland i ein kommentar. Utanfor kontoret til formann hang alle supporterflagga og vaia i vinden i går. Det var klart for opprykksfest nr. 2 i bygda.

Som kjent sende Loddefjord protest til Hordaland Fotballkrets etter seriefinalen for to veker sidan. Dei meinte kretsen hadde sett opp for dårleg dommar til kampen og hang seg opp i at det vart lagt til for mykje tid, og at VHFK gjorde eit ulovleg bytte like før det avgjerande straffesparket. Dei gløymer at det er dei sjølv som masar om tilleggstid i 87 minuttar av kampen. Kvar gong keeper Robert Eikeland skal sparka ut, minner dei dommaren om at dette tek for lang tid og peikar på klokka. Så tek Loddefjord ledelsen tre minutt før full tid, og pipa får ein heilt annan lyd. No er det bortelaget som tek seg god tid kvar gong sjansen byr seg. Slik er fotball.


VH-Trenar Jo Solberg får beskjed hjå linjedommar om at det er lagt til 5 minutt, og gjer ein del taktiske grep. Loddefjord brukar tida til fleire bytter. VH slår lange ballar inn i Loddefjord forsvaret, som heile tida rydder unna. Tilleggstida tikkar mot fem minutt, og Jonas Hauge gjer seg klar for å ta eit innkast nesten heilt oppe med cornerflagget til Loddefjord. Han må berre venta til Loddefjord har fått gjera ferdig endå eit spelarbytte.


 Jonas kastar som han aldri har gjort før, og veit med seg sjølv at dette er kampens absolutt siste angrep. Ballen går høgt gjennom lufta og landar inne i feltet, og så skjer det; Ein Loddefjordspelar er uheldig og slår borti ballen med handa. Det er stille som i grava eit lite sekund på Furubakken, før dommaren bles hardt i fløyta og peikar på straffemerket. Eit jubelbrus flyg over den grønne grasmatta. Straffe til Valestrand Hjellvik fem minutt på overtid! Det er for godt til å vera sant. Publikum riv seg i håret og sender nokre bøner mot himmelen.


Stemninga på Furubakken er rett og slett magisk.

Publikum stormar ned frå tribuna og står og trippar på sidelinja.

Dommaren og linjemannen prøver febrilsk å holda dei vekke frå bana, og må ha hjelp av speaker for å roa ivrige fans. På motsatt side av bana gjer samtidig Joen sitt siste bytte for sesongen.  Jonas Hauge har allereide gått av bana, og no vert han erstatta av Øyvind Thomassen som skal innpå att for å ta årets viktigaste spark på ballen. Han skal skyta VHFK opp i 3. divisjon.


Det er dette spelarbyttet Loddefjord seinare protesterar mot. Dei meiner assistentdommaren ikkje godkjende byttet, og sår tvil om VHFK i det heile tatt hadde teke ut ein spelar. Dei trudde VHFK hadde ein tolvte mann på bana.

Heimelaget hadde ikkje ein tolvte mann på bana denne laurdagsettermiddagen, men på tribuna.  Mellom 1000 og 1500 tilskuarar var møtt fram for å heia og støtta laget i klubbens viktigaste kamp. Jonas Hauge gjekk av bana etter at han sende avgarde det avgjerande innkastet. Dermed hadde VH kun 10 spelarar på bana då Øyvind Thomassen kom innpå.

Og ja - assistentdommaren var borte og godkjente byttet.

Det går fleire minuttar i kaoset på Furubakken, og heile 7 minutt på overtid bankar Øyvind Thomassen ballen i mål frå straffemerket.

Loddefjord fortvilar og Valestrand går av hengslane.

Endeleg.

Endeleg er opprykket klart.

VH er klar for 3. divisjon.

Fest i bygda! 


Loddefjord protesterar, Hordaland Fotballkrets avviser den blankt.

Loddefjord ankar til NFF som heller ikkje let seg lura.

Opprykket er klart. Valestrand Hjellvik spelar i 3. divisjon neste sesong.

Loddefjord spelar i fjerde.