Sesongoppkjøring 2010

I dag går startskotet for førebuingane til sesongen 2010 for supporterklubben til VHFK. I desse dagar blir det jobba uavbrutt for å få i stand alt frå agenda og foredrag på supporterseminar til lugubre forretningar med flaggleverandørar i utlandet. Men har DU betalt kontigenten? <br /> <br />

I år igjen går den sedvanlige oppmodinga til alle om å betale inn årskontingent for supporterklubben. Dei fleste støttar med ein hundrelapp men det er som vanleg fult mogeleg å betale det ein vil. Nokre plar slenge inn nokre lappar for heile familien og andre melder til og med inn dyra sine. Supporterklubben har ein sunn økonomi og det er som vanlig ikkje større utgifter enn til litt flagg og premiar til fotballfesten. I år trengs det kanskje meir enn nokon gong sidan det blir opprykk….

Men som Joen sei, eit opprykk kjem ikkje av seg sjølve! Først må ein vedta det på det vidgjetne supporterseminaret på vårparten. Onde tunger vil ha det til at opprykk også blei vedtatt på dette seminaret føregåande år. Det er også korrekt, men ein fekk då stilt spørsmål til vedtaket og det er mogeleg det i forfjamsinga blei banka noko i gjennom utan full oppbakking. I år vil ein ta sikte på å samrøystes vedta opprykk under ordna former slik at Joen får det som han vil. Sett av dagen laurdag 20.februar til seminar! VEDTATT

Det er førebels usikkert kor seminaret denne gongen vil gå av stabelen, men ein tar sikte på at dei innan den tid har opna den nye puben og selskapslokale i Kjellarn. Viss nokon har noko på hjarta eller vil ha med eit spesielt punkt på agendaen er det fint om ein orienterer komiteen om dette i god tid. Foredragsholdera er hjarteleg velkommen.

Elles kan ein legga til at høgdepunktet på seminaret i år blir avduking av ikkje mindre enn 3 nye flagg! 2 i supporterklubbregi og eit i regi to omfangsrike bygdeoriginalar.
Meir om programmet og agenda vil ein komma tilbake til

Vel møtt!

Det er først om fremst terminlista ein venter på i spaning når ein skal planlegga eit nytt år, men nokre datoar har allereie peika seg ut for andre badnafakte og tilhøyrande gaukaskap.

20. februar – Seminar 2010
1.april – Påske Crawl (10 års jubileum!)
14.juni – KISS og badnafakte i Oslo
11.august – Iron Maiden og badnafakte sø i bydn
13-15.august – Ole Bull - Fossegrimen på Valestrand
http://www.olebull2010.no/kalender/ole-bull-fossegrimen-paa-valestrand

 

 

Til slutt minnar ein om kontomunner til supporterklubben:

kr 100,- eller meir til konto - 97105303983

 

 




So tikka nett tidspunkt for treningskampane inn!


28/1 Kvernbit borte kl 19:00 5. div
31/1 Tertnes borte kl 15:00 3. div
4/2 Vestsiden hjemme kl 19:30 3. div
10/2 Austevoll borte kl 20:00 3. div
13/2 Sotra borte kl 14:00 3. div
18/19/20 Bergan Bygg Cup
23/2 Arna borte kl 19:00 3. div
13/3 Os borte kl 15:00 2. div
17/3 Erdal hjemme kl 19:00 4. div
24/3 Frøya borte kl 19:30 4. div


Eit skarpt auga vil sikkert leggja merke til at da blir anledning te å feria sigeren i Bergan Bygg Cupen i forbindelse med Seminar 2010 laurdag 20.feb


2010 - Ikkje berre eit Bullaår!


 

Sunt pueri pueri puerilia tractant

Badnafakte, Gaukaskap - Piker, vin og Valestrand

 

FT