Sjå scoringane på VTV

No kan du sjå alle høgdepunkta og scoringane frå kampen mot Voss 2 på Valestrand-TV. Are Bryhn sitt frispark som lurer seg forbi heile Voss-forsvaret og i nettet, Øyvind Thomassen si glimrande avslutning på Tom Sivertsen sitt raid, og Jonas Hauge som krigar inn 3-0 til VHFK er alle verd ein titt...

VHFK styrte kampen mot Voss 2 frå første ballspark, og det tok ein heil time før heimelaget fekk til eit skot på mål. Likevel skulle det ta ei stund før ballen låg i nettet for gjestane frå Valestrand. Are Bryhn la eitt av sine gode frispark eit kvarter ut i andre omgang, og ballen passerte heile Voss-forsvaret og pakka fint inn i nettmaskene til vill jubel på bortetribuna.

 

Ti minuttar seinare er det Tom Sivertsen som tek med seg ballen frå eigen 16-meter, og går over nesten heile bana før han leverer den fint til Magnus Opheim. Han vender fint og legg ballen på sølvfat til Øyvind Thomassen, som bankar ballen i mål bak ein god Øystein Ygre Skorve i Voss-buret. Heimelaget si sisteskanse varta opp med nokre gode redningar, og framstod som bestemann for heimelaget i denne kampen. I sluttminuttane redda Skorve også eit straffespark frå Oddvar Hjortland.

 

Jonas Hauge fekk æra av å fastsetta sluttresultatet då han på overtid krangla til seg ballen etter eit Bryhn-hjørnespark. Hauge dunka ballen i mål frå kloss hald, og VHFK kunne gå av bana med 3-0.