Stadionåpning

Det er klart for stadionåpning mandag 5. april kl. 1800 på Furubakken. Då møter Valestrand Hjellvik 3. divisjonslaget Vestsiden Askøy til generalprøve før alvoret startar på søndag. VHFK har ein skadefri tropp og det blir spennande å sjå kven trenarteamet sender ut på frå start i årets siste treningskamp.

Trenar Jo Solberg er på forlenga påskeferie i det store utland og i hans fråvær er det Torgeir Rud og Håvard Hegg Lunde som skal styra skuta inn til seier.

 

Vestsiden Askøy er tippa på nedre halvdel av 3. divisjonstabellen i år og er eit lag VHFK absolutt bør ha mulighetar til å slå.

 

Det er meldt om flott spelevær på Furubakken i morgon. Rundt 7 grader og perioder med sol og ingen nedbør. Møt opp på Furubakken og kom i skikkeleg fotballstemning før det brakar laus mot Sandviken om ei lita veka.