Stem på Årets Mål 2010

Det nærmar seg den store fotballfesten, og fram mot feststart laurdag kan du stemma på Årets Mål 2010. VTV-redaksjonen har plukka ut fem kandidatar som kjempar om tittelen, og du er med og avgjer kva for ei scoring som går til topps i år. Her får du vita korleis du stemmer...

Først kan du sjå dei fem kandidatane på Valestrand-TV ved å trykka på VTV-knappen til høgre på sida. Deretter trykker du på stemmeknappen øverst i høgremenyen, og så kan du gje stemme til din favorittkandidat.

Husk også og stem på Årets spelar, Folkets Pris litt lengre nede i høgremenyen på sida.

På begge avstemningane kan du avgje ei stemme pr døgn fram til laurdag.