Tett i toppen

Valestrand Hjellvik tronar på toppen av tabellen etter 5 serierundar, men fleire lag kjempar like bak i ein rekordjevn seriestart. På nedre del av tabellen er det fire lag som peikar seg ut som klare dumpekandidatar. VHFK møter eitt av dei i ein vanskeleg bortekamp 2. pinsedag.

Valestrand Hjellvik har aldri før hatt ein så god sesongstart som i år. I fjor vann Joen sine menn dei fire første kampane, men mot Øygard i 5. serierunde kom sesongens første tap. I årets sesong har det blitt seier i dei fire første og uavgjort i den femte.

 

Valestrand Hjellvik har sett ny klubbrekord med 9 trepoengarar og to uavgjorte på dei 11 siste kampane. Siste tap var mot Øygard i starten av september 2009.

No ventar Voss 2 i ein vanskeleg bortekamp førstkommande måndag. Voss 2 har ikkje vunne ein einaste kamp i år, og ligg med begge føtene i nedrykksstriden etter 5 rundar. Heller ikkje Fusa eller Austrheim/Lindås har gått av bana med seier i år. Rosendal fekk ein god start på sesongen med full pott i seriepremiera, men etter det har laget fått full stopp og berre kapra eitt poeng på dei fire siste kampane.

 

Vossingane har eit svært godt tak på VHFK. Sist laga møttest var 6. september 2008, og Voss 2 vann kampen 2-0. Dette var berre tre dagar etter at Valestrand hadde knust Radøy/Manger heile 9-1 på heimebane, og sett ny klubbrekord med det resultatet. Joen sine menn har scora mål i samtlege kampar etter dette 2-0-tapet. Dermed er rekka av kampar med scoring oppe i 32 etter Øyvind Thomassen si scoring mot NHH sist helg. Så får vi håpe at Voss 2 ikkje øydelegg den fine statistikken nok ein gong.

 

I 2007 og 2006 spelte vi uavgjort borte mot Voss 2 og i 2001 tapte vi heile 5-0, men den gongen var det Voss sitt førstelag. Heilt svart er statistikken derimot ikkje.  I VHFK sin første sesong i 4. divisjon (2000) vart det 1-0 seier på Prestegardsmoen

 

 

 

Siste resultater

 

07-05 19:00Radøy/Manger - Valestrand Hjellvik0 - 2Kampfakta
07-05 20:00Ny-Krohnborg - Djerv4 - 4Kampfakta
07-05 20:00Sandviken - Loddefjord1 - 4
08-05 13:00NHH - Laksevåg0 - 1
08-05 15:00Voss 2 - Austrheim-Lindås2 - 2
08-05 15:00Fusa Fotball - Rosendal2 - 2
12-05 19:00Djerv - Radøy/Manger0 - 3
12-05 19:00Loddefjord - Fusa Fotball5 - 2Kampfakta
15-05 15:00Rosendal - Ny-Krohnborg1 - 3Kampfakta
15-05 15:00Valestrand Hjellvik - NHH1 - 1Kampfakta
16-05 13:00Laksevåg - Voss 24 - 2
19-05 18:00Austrheim-Lindås - Sandviken3 - 5

 

 

4.div Menn avd.1 2010

LagKSUTMFMMP
1Valestrand Hjellvik541012413
2Loddefjord5401221312
3Radøy/Manger540112412
4NHH73228711
5Djerv5311211310
6Ny-Krohnborg5311141010
7Laksevåg5302999
8Sandviken520312146
9Rosendal51139174
10Austrheim-Lindås60248162
11Voss 250145141
12Fusa Fotball60159201

 

Toppscorertabell

8 mål

Roar Olsen             Loddefjord

7 mål

Svein Erik Bjordal   Djerv

6 mål

Daniel Misund          Loddefjord

5 mål

Andreas Flaa           Sandviken

Tom Andre Axland   Ny Krohnborg

Are Viken                Djerv

Andre Fivesdal         Radøy Manger

3 mål

Øyvind Thomassen  Valestrand Hjellvik

Magnus Opheim      Valestrand Hjellvik

Magnus Idland        NHH

Richard Vågenes     Djerv

Stian Stenhjem        Loddefjord

 

Neste runde med tippetips

 

24-05 16:00NHH - DjervÅpent, men vi tror Djerv kommer seg etter tapet mot R/M
24-05 16:00Fusa Fotball - SandvikenSandviken er i gang. Sikker B
24-05 16:00Radøy/Manger - RosendalSikker H
24-05 18:00Laksevåg - Austrheim-LindåsÅrets første for Austrheim ?

24-05 18:00Voss 2 - Valestrand HjellvikFull skjerpings for VHFK ellers blir det nytt poengtap mot Voss 2.
24-05 18:00Ny-Krohnborg - LoddefjordBortelaget viser knallform og vinner borte.