Uavgjort og tap

Valestrand Hjellvik spelte uavgjort 2-2 mot Os forrige laurdag. Eit godt resultat mot eit lag som har to lag på høgare nivå enn VHFK. På onsdag var det divisjonskollega Erdal som var motstandar på kunstgraset i Lonevåg. For første gong i år måtte Joens menn gå av bana med tap...

Treningskamp Kuventræ

Os - Valestrand Hjellvik 2-2 (1-0)

1-0

1-1 Trygve Nilsen 53

1-2 Torgeir Rud 60

2-2

 

Eit godt resultat mot ein solid motstandar, men langt i frå årsbeste kunne forsvarsklippe Torgeir Rud slå fast etter kampen mot Os. Den første halvtimen vart VH rundspelt og ledelsen til Os kunne fort ha vore større enn med eitt mål til pause.

I andre omgang var det ein heilt ny giv over bortelaget. I løpet av det første kvarteret snudde laget kampen med scoringar av Trygve Nilsen og Torgeir Rud. Det kunne fort holdt til seier, men like før slutt fekk Osingane inn utligningsmålet.

 

Treningskamp Hatland

Valestrand Hjellvik - Erdal 1-2

0-1

0-2

1-2

 

Årets første tap kom mot det nyopprykka 4. divisjonslaget Erdal. Trenar Jo solberg brukte denne kampen til å testa ut ein del ulike kombinasjoner. Dermed forsvann litt av den vante rytmen, men spelarane var nok ikkje heilt på hugget heller. I perioder fungerte det godt og trenaren berømmer Erdal sin første scoring.

-Ei praktscoring!, seier han i ein kommentar til badnafakte.net. Den andre scoringa til Erdal var ett godt gammaldags tabbemål der trenaren er usikker på kven som var skyld i det.

Rayner Nygård var best av VHFK sine spelarar med ein seksar på børsen.