Uforandra i toppen

LYNGBØPARKEN, BERGEN: A-laget gjekk på eit nytt poengtap, og måtte ha hjelp frå Radøy/Manger for å henga med i opprykkskampen. Den hjelpa kom i form av poengdeling på Sletta, og stillinga i tabelltoppen er dermed uforandra når me no går inn i ei svært spennande sesongavslutning. I Lyngbøparken var det Øyvind Thomassen som sende gjestane i føringa like etter pause med ei straffescoring, medan vertane frå Laksevåg utlikna drøye ti minuttar før full tid...

Laksevåg - Valestrand Hjellvik 1-1

 

Kampstart 13.00

 

0 min. Kampen i gang i Lyngbøparken.

 

10 min. Laksevåg scorer, men dommeren annullerer for offside.

 

12 min. Tom Sivertsen skyt utanfor frå 18 meter. 

 

15 min. Laksevåg har vore farleg fråmpå fleire gonger.

 

20 min. Henning Rød inn for skada Kalle Fiskå.

 

22 min. Opheim tråkler seg gjennom, og er åleine med keeper... Keeper redder. Kjempesjanse.

 

24 min. Ny kjempesjanse for Valestrand Hjellvik.

 

Valestrand Hjellvik presser no. Are Bryhn vert lagt ned i feltet... Får ikkje straffe.

 

43 min. Dobbeltsjanse til Valestrand Hjellvik. Laksevåg forsvarer seg bra.

 

45 min. pause

 

-----------------

 

2.omgang i gang.

 

47 min. stor sjanse til Valestrand Hjellvik. Laksevåg redder på strek.

 

52 min. Øyvind Thomassen blir felt. Straffe VH.

 

53 min. MÅÅÅÅL  0-1 Øyvind Thomassen

 

61 min. Kjemperedning av Robert Eikeland. Stor sjanse for Laksevåg.

 

67 min. Stooor sjanse VH. ... Trygve Nilsen nær scoring.

 

70 min. Trygve Nilsen ut, Oddvar Hjortland inn.

 

75 min. Jonas Hauge inn for Magnus Opheim.

 

78 min. Fantastisk redning av Eikeland....

 

79 min. MÅÅÅÅL 1-1 Laksevåg utliknar, og jublar som om dei har vunne cupfinalen.

 

85 min. Stor sjanse til VH

 

87 min. Corner Valestrand Hjellvik. Ingen resultat

 

89. min. VH pressar i sluttminuttane...

 

90 min. Spelet bølgar fram og tilbake. VH pressar for scoring, og Laksevåg er farleg på kontringar.

 

Kampen slutt