VH i knallhard pulje

Valestrand Hjellvik møter knallhard motstand neste sesong. Heile seks turar til Rogaland må Joens menn belaga seg på. Ein kan jo lura på om Nff har forveksla Valestrand Hjellvik med Valestrand i Sveio når ein ser oppsettet. Mens våre naboklubbar Arna Bjørnar, Tertnes og Åsane 2 har havna i sognepulja må vi altså ta turen sørover mot Rogaland. Ikkje lett å forstå for dei med litt geografisk innsikt.

Det kan bli fleire tippeligaspelarar på Furubakken neste sesong då VH møter både Brann 2 og Haugesund 2. Det blir og gjensyn med fjorårets suverene 4. divisjonsmester, Sotra. Os hadde ein jubelsesong i fjor då dei rykka opp med begge laga sine. I årets sesong derimot vart det ein gedigen nedtur og neste sesong er det Os sitt førstelag som skal til Furubakken.

 

Vi har snakka med ein av klubbens ivrigaste supportera det siste tiåret, Arno Isvik om neste års oppsett.

-Spennande avdeling med mykje knallgode lag! Nokke som kan slå veldig positivt ut, i og med at me alltid spela godt mot sterke lag. Så eg har sterk tru på opprykk, men da må jo først diskuterast og evt. godkjennast på seminar nr. 1 i 2011.

Han håpar på at bortekampen mot Brann 2 vert spelt på Brann Stadion slik at ein kan få skikkeleg supporterstemning der etter gammalt.

 

Her er pulje 7 i neste sesongs 3. divisjon

 

Sotra

Fyllingen

Brann 2

Øystese

Valestrand Hjellvik

Os

Stord

Askøy

Haugesund 2 (Haugesund)

Åkra (Karmøy)

Djerv 1919 (Haugesund)

Kopervik (Karmøy)

Skjold (Haugesund)

Staal Jørpeland (Ryfylke)

 

Her er litt om våre motstandarar.

 

Sotra

Vann vår pulje i 4. divisjon i fjor og klarte nesten det kunststykket og rykka opp i 2. divisjon på første forsøk. Hadde kvalikplassen på gaffelen før siste kamp, men vart knust 3-0 av Løv Ham 2 og dermed havna dei på 3. plass i den jevne pulja. Uansett ein imponerande sesong det blir vanskelig å kopiera neste år.

 

Fyllingen

Kjempa heilt til nest siste serierunde om å vinna sin avdeling i 3. divisjon i år. Måtte sjå seg slått av Voss på målstreken. Slo ut Brann i cupen. Spelte i 2. divisjon i 2009. Eit av favorittlaga i neste års 3. divisjon.

 

Brann 2

Ein godkjent sesong i år trygt plassert på tabellen med god margin ned til nedrykksuppa. Havner neppe i toppen neste sesong. Aldri godt å si hvilket lag de stiller med. Kanskje det blir noen tippeligafjes på Furubakken?

 

Øystese

Svært god førsteseong i 3. divisjon i år. Laget havna på 5. plass poenget bak Brann 2. Nedrykk var aldri aktuelt for denne gladgjengen frå Hardanger. VH har møtt Øystese fleire gonger i treningskamp dei siste sesongane. Vi ser fram til å møta dei i serien neste sesong.

 

Os

Måtte ta den tunge veien ned i 3. divisjon etter ein katastrofal start på årets sesong. Viste i høst at dei kan hamla opp med dei fleste i 2. divisjon og blir ein av fleire favorittar neste sesong.

 

Stord

Nok eit lag som spelte 2. divisjon i årets sesong. Peikte seg tidleg ut som nedrykkskandidat. Vil nok opp igjen på første forsøk, men det kan bli tøft.

 

Askøy

Klarte såvidt å overleva årets 3. divisjon. Hadde dei tapt siste kampen mot Vestsiden samtidig som Varegg hadde vunne sin kamp hadde laget rykka ned. Slik gjekk det ikkje og no kan Askøy nok ein gong mobilisera seg på 3. divisjonsspel.

 

Haugesund 2

Havna på andreplass i 3. divisjon i år. Hadde langt opp til Staal Jørpeland som vant pulja. Ein svært god sesong i tippeligaen for A-laget i år gjer nok sitt til at dette laget satsar for fullt til neste år. Eit av topplaga i 2011?

 

Åkra

Havna midt på tabellen i årets 3. divisjon, men nedrykk var det aldri snakk om. Hadde 8 poeng å gå på ned til Vedavåg. Eit av bunnlaga neste år? Åkra spelar kampane sine i Kopervik.

Reisetid: 3-4 timer med bil

Hutigbåt fra Bergen ?

 

 

Djerv 1919

Kretsmester i 4. divisjon, Rogaland i år etter å ha slått Rosseland i begge kampane. Tar dermed steget opp i 3. divisjon i likhet med VHFK.

Spelte i tippeligaen i 1988, men rykka ned med ny rekord i antall baklengsmål. Laget kom til semifinalen i cupen i 1986.

I 1993 fusjonerte klubben med Haugar og dannet FK Haugesund.

Spelar i gult og blått.

Laget heldt til i Haugesund.

 

Kopervik

Klubben havna nest sist i 2. divisjon i år og måtte ta den tunge vegen ned i 3. divisjon. Laget var ikkje i nærheten av å berga plassen med nesten 20 poeng opp til sikker plass.

 

Skjold

Kapra den siste trygge plassen i årets 3. divisjon på  utjevningsmandat pga Os 2 sitt nedrykk og vil nok få det tøft neste sesong. Med 0,02 poengs margin fekk dei tildelt 3. divisjonsplassen foran Askim. Klubben holder til i Haugesundsområdet og spelar i drakter som minner om Hausvik sine. Laget spelar kampane sine på Grinde Stadion. Her er både naturgras og kunstgras.

Reisetid: 3-4 timar

 

Staal Jørpeland

Einaste laget frå Ryfylke. Får svært lange reiser til alle kampane sine. Må vel være fotballnorges store taper på den nye 3. divisjonen. Ligger rundt 3 mil fra Stavanger. (Må ta ferge Stavanger-Tau)

Har kanskje avdelingens sterkeste mannskap. Vannt sin 3. divisjons avdeling suverent i år, men tapte kvalikkampen mot Viking 2. Med ein målforskjel på 118-18 på 25 kamper og 14 poeng ned til Haugesund 2 på tabellen forstår dei fleste at dette sansynligvis er favoritten i vår pulje neste år. Ex-Brannspelar Martin Knudsen spelar i denne klubben.

Reisetid : 5- 6 timer med bil