VHFK i norgestoppen

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Keeper Robert Eikeland og forsvarskjempe Torgeir Rud (bildet) har vore sterkt delaktige i at Valestrand Hjellvik ligg heilt i norgestoppen på statistikken over baklengsmål i 2010. Før kampen mot Djerv låg Valestrandslaget på tredjeplass i landet, men to nye baklengsmål vippa Eikeland og co ned ein plass...

Vi har gått gjennom alle lag på dei fem øvste nivåene i Norge 2010. Valestrand Hjellvik ligg her på ein god fjerdeplass med sine 14 baklengsmål, berre slått av Teie (13), Mjølner (11) og suverene Staal Jørpeland (9). Det er berre teke med divisjonar som inneheld 12 lag eller fleire.

Då Djerv reduserte til 4-2 mot slutten av laurdagens oppgjer, klatra Vestfoldlklubben Teie forbi og tok tilbake 3. plassen dei hadde før sin siste kamp. Samtidig vart Djerv det andre laget som klarte å scora to i same kamp på VHFK-keeper Robert Eikeland denne sesongen. Før dette oppgjeret var det berre Ny-Krohnborg som hadde klart dette.

Årets forsvarsinnsats er også den klart beste i klubbens 4. divisjonshistorie. Etter opprykket i 1999 har klubben aldri vore i nærleiken av så få baklengsmål, og den forrige rekorden var på 35 mål i 2003 og 2005.

Keeper Robert Eikeland kan no også henga ein ny rekord på sitt bryst. Etter at Austrheim/Lindås måtte gå av bana utan nettkjenning sist serierunde, er Eikeland den VHFK-keeperen  som står med flest såkalte "clean sheets" på ein sesong i 4. divisjon. Den gamle rekorden stod frå 2003-sesongen med 7 kampar utan baklengs, medan årets lag no står med 8 kampar.

Her er tabellen over klubbane med tettast forsvar i Norge sesongen 2010:

NrLagMålDivisjon/Krets
1Staal Jørpeland
93. div. Rogaland
2Mjølner113. div. Hålogaland
3Teie134. div. Vestfold
4Valestrand Hjellvik
144. div. Hordaland
5Trysil154. div. Indre Østland
6Mandalskameratene
163. div. Agder
6Re FK
164. div. Vestfold
8Bossekop173. div. Finnmark
8Voss173. div. Hordaland
8Tornado Måløy
173. div. Sogn og Fjordane
8Otta174. div. Indre Østland