VTV endeleg på nett

FURUBAKKEN: Medan Joen og hans menn fekk ein frisk start på sesongen og no står med full pott på tre kampar, har Valestrand-TV møtt hard motstand i sesongstarten. Berre serieopninga mot Sandviken har blitt festa til filmrullane, og scoringane frå den kampen ligg no endeleg på nett. Elendig ver og dårlege fasilitetar på banene må ta skulda for at dei to neste kampane gjekk utan TV-dekning. No prøver VTV-redaksjonen å få til ei løysing på Furubakken-fasilitetane...

VTV og webredaksjonen har i fleire år lånt studio- og kontorlokaler  i kjellaren til redaktøren. Speakertenesta på Furubakken har også hatt lydutstyret sitt lagra same plass. No skal desse lokala nyttast til andre ting, og VTV-redaksjonen må raskt finna andre og høvelege lokaler til drifta si.

 

 

-Akkurat no jobbar vi med å få til ei kombinert løysing på Furubakken-tribuna. Eit lokale som under heimekampane kan husa både speaker, kamerafolk og webredaksjonen si LIVE-overføring, seier pressesjef i VTV, Bjarte Vatle.  -I tillegg kan vi ha både studio og presserom med intervjusone der, legg han til.

 

-Det står litt på midlar akkurat no, og vi arbeider på spreng for å finna ei løysing på dette så raskt som råd. Klarer vi dette vil det bety eit stort løft for heile klubben i framtida, seier den ivrige pressesjefen, som også er fast speaker på Furubakken.

 

-No er det tre veker til neste heimekamp, og det er heilt klart mogeleg å få dette på plass til den tid. Men det krev velvilje og handling frå fleire hald, seier Bjarte Vatle.