VTV endeleg tilbake på nett

Valestrand-TV har vore borte frå dataskjermen sidan før ferien, og VHFK-supporterar rundt om i landet har difor ikkje fått sjå scoringar og jubelscener med heltane sine i svart og kvitt. No ser det endeleg ut til at dei tekniske problema VTV har slite med er rydda av vegen, og web-sjåarane kan igjen benka seg framfor dataskjermen og sjå flotte scoringar...

Den siste kampen det vart vist bilder frå før VTV vart tvinga til web-pause, var kampen mot Djerv på Møhlenpris, der supporterane farga den ærverdige by-arenaen i svart og kvitt. Litt tilfeldig er det at den første kampen VTV viser bilder frå etter avbrekket er frå oppgjeret mot nettopp Djerv. Denne gongen på Furubakken, men med like god stemning som i bortekampen, og kanskje endå flottare scoringar med påfylgjande jubelscener.

VTV-redaksjonen har festa alle kampane på filmrullane, og sjølv om det ikkje kjem bilder på nettet, vert det i alle høve ein års-dvd å kosa seg med etter denne sesongen også.