3 vinnarar i Scoringsklubben

Før sesongen kunne folk vera med å tippa antall mål VHFK ville scora i 3. divisjon. Samtidig måtte ein støtta laget med valgfritt beløp pr. mål laget scorte. Svært mange meldte seg på og kvar gong dei svartkvite fekk ballen i mål havna det nesten tusen kroner i klubbkassa. Det var to personar som hadde tippa riktig antall mål som var 34. Berre ein av dei vannt. Les meir og finn ut om du vann gavekort frå Sport 1. To tilfeldige vart og trekt ut og fekk seg gåvekort.

Vinnaren kåra på trekning
I reglane står det at om to eller fleire personar tippar likt antall mål skal vinnaren kårast ved trekning. I år var det to personar som hadde tippa at VHFK ville scora 34 mål. Trekning er no foretatt og vinnaren av gåvekort på 3000.- kroner frå Sport 1 i Åsane Senter går til:
Jørn Morten Kallekleiv


Ekstrapremier : Det vart i tillegg trekt ut to heldige vinnarar som får gåvekort frå Sport 1 i Åsane Senter. Her hadde alle deltakarane muligheten til å vinna uansett kva dei hadde tippa.

2. premie: Sveinung Mo – Gavekort 1500 kr Sport 1 Åsane

3. premie: Tim Ferdinand Vatle – Gavekort kr 500 Sport 1 Åsane

Klubben fekk inn totalt over 30 000.- kroner på årets scoringsklubb.
Nye muligheter neste sesong!!!

Styret