Aleksander Lenning klar for VH

Den tidlegare Tromsø spelaren Aleksander Lenning vart i går klar for Valestrand Hjellvik. Han skreiv under ein toårs-kontrakt med VH og noterte seg for to fulltreffarar i treningskamp mot Osterøy denne veka. Han spelte i Baune forrige sesong og kan fort bli ein nyttig tilvekst med sitt gode rykk.

Dette melder vhsk.net som er supportarklubben si nye heimeside:

Aleksander har signert ei 2-års kontrakt med klubben. Han er 21 år gammal som speler spiss og ving. Han har spelt for Tromsø, Fløya og Baune tidlegare og har no bestemt seg for å spele heimekampane sine på Furubakken.

Aleksander seier at han valgte VHFK pga den unike ramma rundt klubben, og at han gleda seg til å spela for Valestrandsupporterane!