Alle mann til pumpene!

-Da brenn! Da brenn! Alle mann til pumpene!<br /> Valestrand Hjellvik spelar sin viktigaste kamp for sesongen når Øystese kjem på besøk lørdag kl. 1600 på Furubakken. A-laget ligg på nedrykksplass og treng all den støtte og hjelp dei kan få for å overleva i 3. divisjon. No må bygdefolket bretta opp armane og stilla til høglydt dugnad på Furubakken-tribuna førstkommande lørdag. Her er det kun ein ting som gjeld: Alle mann til pumpene! VHFK skal berga plassen og treng 3 poeng mot Øystese.

VHFK har 5 kampar igjen og ligg 5 poeng bak sikker plass.
No på laurdag er det heimekamp mot Øystese som har hatt ein dårlig haustesong. I vårkampen i Norheimsund stakk VH av med alle tre poenga etter ein heroisk  andreomgang. Etter at Øystese gjekk opp i 2-0 tidleg i omgangen starta ein fantastisk snuoperasjon, og i løpet av nokre hektiske minuttar vann VH til slutt 3-2. På tribuna kokte det av VH-supporterar. Fleire hundre hadde teke turen frå Osterøy til Norheimsund Stadion, som vart røyklagd av gjestane sine bluss - og svarte og kvite flagg vaia på tribuna.

No er det heimekamp mot Øystese som gjeld, og utgangspunktet er det same. VH treng alle tre poenga! Dei elleve utvalgte på bana kjem til å gå ut i hundre og gje alt for laget sitt. Dei kjem til å gå knallhardt til i alle duellar og jobba på samtlege ballar. Dei vil stå saman som eit lag, dei vil springa til blodsmaken blir stram i munnen og litt til, og dei vil stå oppreist sjølv om krampen tek dei. Øystesespelarane skal få kjenna at dette er eit lag som vil overleva, eit lag som aldri vil gi opp, eit lag av vinnarar.

Frå tribuna skal Mannane få hjelp av høglydte heimefans som skal bera dei fram når kreftene tek slutt. Dei skal få føla at det er mange som bryr seg om laget i bygda si. Dei skal føla seg stolte av å få lov til å bera den svarte og kvite drakta si. Det skal koka på Furubakken frå kl. 1600 til 1800 på laurdag. Når dommaren bles for full tid skal alle som har vore med få si velfortente løn; tre livsviktige poeng og nytt håp om å overleva i 3. divisjon. Møt opp folkens! Alle mann til pumpene! Vis at du bryr deg om klubben i våre hjerter.
PS:
Laurdag føremiddag vil det vera stand i sentrum med salg av supportereffektar.