Avskjedskamp

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Søndagens heimekamp mot Os kan verta litt vemodig for Furubakken sitt trufaste publikum. Storscorar Trygve Nilssen spelar sin siste kamp for Valestrand Hjellvik, medan suksesstrenar Jo Solberg leiar laget for siste gong før han trer av som trenar for dei svarte og kvite. Dermed er det to viktige brikker i VH-miljøet som tek farvel med Furubakken søndag ettermiddag

Jo Solberg gav klubben beskjed før denne sesongen om at han kunne trena laget fram til 1. juli. Klubben fekk dermed litt tid på seg til å finna ein erstattar. Dermed vert kampen mot Os suksesstrenaren sin siste på benken til Valestrand Hjellvik i denne omgang.