Bognøy matchvinnar på overtid

ÅKRA IDRETTSPARK/ÅKRA: Mons Ivar Mjelde starta si VH-karriere med ein svært viktig bortesiger mot Åkra i ettermiddag. To minuttar på overtid er det innbyttar Kristoffer Bognøy som sklir innlegget frå Trygve Nilssen i mål, og Valestrand Hjellvik reiser heim att med alle poenga.

Kampen mot Åkra på Karmøy vart ein fabelaktig trenarstart for Mons Ivar Mjelde i Valestrand Hjellvik, medan Jo Solberg og Trygve Nilssen fekk ein like flott avskjed med laget og klubben.

Trygve Nilssen var mannen bak innlegget som ordna seiersmålet og tre livsviktige poeng for gjestane, og kunne dermed setta eit verdig punktum for si VHFK-karriere i denne omgang.

Kristoffer Bognøy kom inn drøye 20 minuttar før full tid, og to minuttar på overtid kjempa han Nilssen sitt innlegg over målstreken og laga samtidig elektrisk ekstase mellom bortesupporterane.

Kampfakta:
Seriekamp 3. divisjon – runde 13
lørdag 2. juli kl. 15.00
Åkra idrettspark

Åkra 0 (0)
Valestrand Hjellvik 1 (0)

0-1 Kristoffer Bognøy (90 + 2)
Dommer: Ørjan Vikene, Djerv 1919
Gult kort: Øyvind Thomassen, VH
Tilskuere: ca. 100 ( ca 45 av dei VH-supporterar)

Valestrand Hjellvik sitt lag:
Robert Eikeland
Kalle Fiskå
Simen Kallekleiv
Torgeir Rud
Trygve Nilssen
Morten Frøland
Øyvind Thomassen (Tom Sivertsen frå 79.)
Alexander Lenning (Mats Solberg frå 46.)
Pål Kjetil Tufta (Kristoffer Bognøy frå 68.)
Magnus Oppheim

Benken:
Kristian Birkeland
Tom Sivertsen (inn 79.)
Magnus Bru Reigstad
Simen Hauge
Mats Solberg (inn 46.)
Kristoffer Bognøy (inn 68.)

Sjå LIVE-referatet (på tlf frå Åkra) under.