Bortebragd mot Øystese

NORHEIMSUND: Valestrand Hjellvik fekk to mål i trynet før dei vakna i dagens bortekamp mot sterke Øystese. I løpet av eit drøyt kvarter snudde gjestane frå Valestrand kampen med tre deilige scoringar, og stakk av med alle poenga medan Øystesespelarane og heimepublikummet stod sjokkerte tilbake...

VHFK-supporterane kjørte over heimepublikummet frå første minutt, og var overlegne på tribuna. Sjølv på stillinga 0-2 var det eit slikt trøkk frå gjestesupporterane at VH-spelarane løfta seg fleire hakk og kom tilbake i kampen. Denne sigeren skal faktisk VHFK sin trufaste tilhengarskare ha ein stor del av æra for.

Det var Eivind Madsen Scheie som scora første målet for heimelaget etter ein corner ca 8 minuttar før pause. Sjølv om VH har sine sjansar, vert det litt for tamt framfor mål. Dermed går heimelaget i garderoben med leiing.

Berre eitt minutt ut i andre omgang doblar Øystese si leiing, og denne gongen er det Kristian Petterson som bankar ballen i nettet bak Robert Eikeland frå 16 meters hald. På dette tidspunktet såg det heller dystert ut for VHFK-poeng.

Så snur det for Valestrand Hjellvik. Først er det Tom Sivertsen som kranglar ballen i mål etter eit fint angrep, og det står 2-1 på resultattavla i Norheimsund etter ca 55 minuttar. Gjestane vert hissigare framover på bana, og heimelaget vert pressa bakover. VH spelar seg til store sjansar gong på gong, og det er kaptein Torgeir Rud som er mannen bak utlikninga i det 69. minutt.

Berre to minuttar seinare er det Mats Solberg som dunkar seiersmålet i nettet, og tek dei tilreisande suppoterane med på ein himmeltur over bana i Norheimsund. Maken til ekstase skal du reisa langt og lenge for å finna.

Valestrand kjører på vidare, og er nære på å auka til 4-2 nokre minuttar seinare.
I sluttminuttane vert det svært nervepirrande for dei tilreisande, og heimelaget pressar med fleire farlege hjørnespark og frispark. Ved ein anledning treff ballen tverrleggjaren på eit rimelig åpent mål. Robert Eikeland vartar også opp med nokre kjemperedningar i desse minuttane, og får også eit gult kort for å hala ut tida.

Når dommaren bles av kampen etter 5 tilleggsminuttar, er stemninga på bortetribuna elektrisk.
Etter ein forrykande andreomgang kan Joen og hans menn gå av bana med ein fullt fortent seier, og går i garderoben vel vitande om at dette er ei bortebragd av dei sjeldne for Valestrand Hjellvik.