Frå VHFK til Tippeligaen

Mons Ivar Mjelde overtar trenaransvaret for tippeligaklubben Start, og leiar si første trening i sin nye klubb førstkomande tysdag. Dermed fekk Valestrand Hjellvik-eventyret ein brå slutt før det var skikkeleg i gang. Start har signert ein avtale med Mjelde som varer ut 2015 – altså fire og ein halv sesong.

Formann Ove Håland seier i ein kommentar til vhfk.no i kveld at ny trenar vil vera på plass om få dagar. Det blir spennande å sjå kva navn han drar opp av hatten denne gongen. Ikkje lett å fylla skoa etter Jo Solberg og Mons Ivar Mjelde.

Mjelde fekk dermed kun to kampar som VH-trenar. Vi ønskjer han lykke til i jobben med å berga plassen for eit Start-lag som har slitt i vårsesongen og for øyblikket ligg på plassen over nedrykksplass i tippeligaen. Kun Viking og Sogndal er bak på tabellen og sistnevnte har ein kamp mindre spelt.