Fyllingens første Furubakkenfest

FURUBAKKEN/VALESTRAND: Laurdag er det duka for ein historisk fotballkamp på Furubakken. For første og siste gong kjem Fyllingen sitt A-lag til Valestrand for å kjempa om seriepoeng. Cupfinalisten frå 1990 spelar sin siste sesong i norsk fotball før dei slår seg saman med Løv-Ham, og gultrøyene frå Dalen må finna seg i å vera storfavorittar mot eit heimelag med nedrykksspøkelset hengande over skuldrene.

Fyllingen kjem til Valestrand proppfulle av sjølvtillit etter seier og tre poeng mot serieleiar Brann 2 sist helg, og er storfavorittar før laurdagens Furubakken-oppgjer. Dei svarte og kvite kjempar med nebb og klør for å komma seg over den viktige streken, og bør helst ha poeng også laurdag.

Fyllingen sitt første møte med Furubakken på A-lagsnivå, vert også deira siste. Neste sesong spelar dei som kjent saman med Løv-Ham i ein ny storklubb frå Bergensområdet. Dei er då sikra eitt lag i 2. divisjon og eitt i 3. divisjon.

Valestrand Hjellvik håpar på stort publikumsframmøte til denne kampen, og kryssar fingrane for  at laurdagens anerkjente motstandar og kampens historiske sus skal lokka fram fotballfrelste frå heile Osterøy. Det bør verta fulle tribuner til sesongens nest siste Furubakken-oppgjer for vårt kjære A-lag.