Historiske mål

Det er klart for 2. serierunde og Brann 2 tar imot Valestrand Hjellvik på Nymark 04 mandag kl. 1900. Bortelaget jakter årets første scoring og samtidig historiens første scoring i 3. divisjon. Vi har tatt ein kikk på historiske mål som er scora i klubbens 4. divisjonshistorie som starta i år 2000. Dei siste sesongane er det eit navn som har gått igjen. Trygve Nilsen! Bør han starte morgendagens kamp og sikre årets første og hans tredje historiske mål for klubben?

1.målet i 4. divisjon : Ole Petter Fone
Vi skrur tiden tilbake til 6. mai år 2000. VHFK tapte sin første kamp i 4. divisjonshistorien mot Odda med 1-0 og var no klar for å møta Osterøy på Hatland. Kampen endte med nok eit tap, denne gongen 3-1, men VH tok ledelsen i kampen på straffe. Ole Petter Fone satte straffen sikkert i mål og vart med det Valestrand Hjellvik sin første målscorar i 4. divisjon. Det var Sjur Hopland som trente A-laget denne sesongen.

Mål nr. 100 i 4. divisjon : Thierry DjeDje Danon
Det er høst 2002 og Ove Håland har tatt over roret på VHFK-skuta. NBK er motstandar på Furubakken-grusen den 21. september. VHFK høvler over "hatlaget" frå Knarvik med 3-1 og den personen som scora det andre målet for Furubakkens Heltar scora samtidig mål nr. 100 i 4. divisjon. Målscoraren var Thierry DjeDje Danon eller "den sorte perle" som han ble omtalt som. I dag spiller Thierry i Hauerseter i 4. divisjon på østlandet.

Mål nr. 200 i 4. divisjon : ?
Det nermar seg 17. mai i 2005 og det er folket i Åsen som heldt på med å rydda gatelangs oppover Åsabrekka for at bygdefolket skal sjå kor fint dei har det når 17. maitoget kjem på besøk 8 dagar seinare. Oppe på Furubakken er VHFK i ferd med å knusa Bjarg 3-1 denne mandagskvelden. Han som puttar det andre målet for VH denne kvelden puttar samtidig mål nr. 200 i boksen for Valestrand Hjellvik. Kven var det?  Skriv navnet på ein lapp og send det til Webredaksjonen i VHFK.

Mål nr. 300 i 4. divisjon : TOM SIVERTSEN
VHFK har fått ein kanonstart på 2007-sesongen og har bøtta inn med mål dei første kampane. Laget kjempar i toppen med 17-8 i målforskjel og 10 poeng etter 5 kampar. Datoen er 28. mai og Joens Menn er på plass i Knarvik for å henta 3 nye poeng i kampen mot NBK. Kampen ender med 2-1 seier og Tom Sivertsen scorer begge VH sine mål.

Mål nr. 400 i 4. divisjon : TRYGVE NILSSEN
Klart for 3. serierunde i 2009 og toppkamp mellom Ny Krohnborg og VHFK på Krohnsminde i Bergen.. Begge lag med full pott etter to rundar og VHFK på toppen av tabellen med best målforskjell. VH knuste Bremnes heile 6-1 helga før og utruleg nok gjentar Joens menn dette på bortebane mot bylaget. Eit historisk godt resultat i klubbens historie og eit historisk mål nr. 400 for Trygve Nilssen då han scora  det 3. målet for VH i det 27. minutt. VHFK scorer heile 78 mål denne sesongen. Det er 22 mål bedre enn den forrige rekorden i 4. divisjon

Mål nr. 500 i 4. divisjon : TRYGVE NILSSEN
Sommerferien 2010 går mot slutten, men for VHFK-gutta er det tilbake på jobb når dei møter Sandviken på bortebane 11. august. VH kjempar i toppen mot Loddefjord om den viktige opprykksplassen til den nye nasjonale 3. divisjon og kun seier er godt nok i høstsesongens første kamp. Det ser mørkt ut når Sandviken tar ledelsen før det er spelt 10 minutt, men Joens utvalgte denne kvelden har bestemt seg. Dei skal rykka opp og då kan ein ikkje gå på eit feilskjær i Sandviken. Pål Tufta utligner minuttet etter og midtvegs i opmgangen scorer Magnus Opheim mål nr. 497 for VH. Like etter pause er Kristoffer Bognøy på plass med nr. 498 før Pål Tufta nok ein gong puttar eit kvarter seinare. VH ledar 4-1 og Tufta har satt inn mål nr. 499 i klubbens 4. divisjonshistorie. Då dukkar Trygve Nilssen opp og eit kvarter før slutt scorar han mål nr. 500 for VHFK!!! Dermed har han nok ein gong skreve seg inn i historiebøkene til Valestrand Hjellvik FK.
Oddvar Hjortland ordnar 6-1 og mål nr. 501 i storseieren mot Sandviken.

Mål nr. 529 i 4. divisjon : Øyvind Thomassen
Dette målet kjenner nok dei fleste til. -Sju minutt på overtid, straffespark til VH, opprykk eller ikkje opprykk, neglebiting, folk tør ikkje sjå, TV2 håpar på scoring, ei heil bygd sine auge er retta mot ein mann. Øyvind Thomassen gjer seg klar. Litt skjelven bankar han inn det som til no er siste målet i klubbens 4. divisjonshistorie. Ei heil bygd går av skaftet og feirar opprykket med champagnesprut og jubelscener ein må til engelske opprykkskampar for å finna maken til. Tv2 jublar for unike bilder dei viser det norske folk i beste sendetid - og fotballnorge har fått seg nye yndlingar. Ikkje Brann eller Rosenborg, men ei lita fotballgal bygd på vestlandet med ein heiagjeng utan sidestykke.
Ekte lidenskap har fått eit nytt navn; VALESTRAND

Mål nr. 1 i 3. divisjon :  Morten Frøland
Det er på tide å starta på nytt. Elleve sesongar i 4. divisjon er forbi. Det vart spelt 242 kampar. 110 av dei endte med tre poeng, 54 med poengdeling og 78 kampar endte med tap. Klubben scora 529 mål og slapp inn 475. Tilsaman har det altså vore scora over tusen mål med VHFK involvert. Det er over 4 mål i snitt pr. kamp laget spelar. Det er underholdning på høgt plan.
No startar 3. divisjonshistoria til Valestrand Hjellvik. Vi ventar på mål nr. 1. Kanskje er Trygve Nilssen ein mann for historiske mål? Han har vist det før. Han har målteft. Han scorar aldri fine mål seier trenaren. Han berre står der når ballen treff han. Kanskje ballen treff han i morgon? 
Første målet i 3. divisjon kom mot Brann 2 i 2. serierunde 2011. På stillingen 5-0 til Brann fekk VH straffe og Jo Solberg bestemte at Morten Frøland skulle ta det. Han gjorde ingen feil og scorte sitt første for klubben og klubbens første i 3. divisjon.