Joen i 100

Vi har tatt ein kikk på Jo Solberg si trenarkarriere i Valestrand Hjellvik. I dag leiar han laget for siste gong i sin kamp nr. 100 for VH. Han har gitt oss 53 trepoengarar, 21 uavgjorte og 25 tap. Målforskjell 259 - 187!

Jo Solberg sesong for sesong

2007
6Valestrand Hjellvik2286850 - 5130
VHFK havna midt på treet i Jo Solberg sin første sesong på Furubakken.  Laget fekk ein kanonstart på sesongen med heile 14 poeng på dei første sju kampane og laget kjempa då heilt i toppen.

2008
3Valestrand Hjellvik
22114756 - 4537
Jo Solberg leda laget til 3. plass på tabellen. Dette var tangering av klubbrekorden som vart sett i 2005 med Ove Håland som sjef. Laget var likevel heile 12 poeng unna opprykk, men folk begynte å forstå at Joen meinte alvor.

2009
3Valestrand Hjellvik221543784549
Ein fantastisk sesong for Joen og hans menn. Ny tredjeplass, men denne gongen hadde VH muligheten heilt til siste slutt. Svært spennande kamp på Hatland i siste serierunde der VH var avhengige av hjelp frå Loddefjord for å kapra den siste opprykksplassen. VH gjorde jobben på Hatland og det såg lyst ut på Kuventræ då Loddefjord leda mot Os 2, men Osingane fekk til slutt med seg alle tre poenga. Men det var ikkje slutt med det. Dramatikken fortsette ein divisjon høgare der Os 1 skulle spela opprykkskvalik mot Austevoll.
Valestrand Hjellvik ville overta Os 2 sin plass på tabellen og sikra opprykk dersom Austevoll slo Os over to kampar. På heimebane gjorde Austevoll jobben med solid hjelp på tribuna frå tilreisande ostringar. Då var det berre eit hinder igjen: Kuventræ Stadion! Aldri før har det vore så mykje folk frå Valestrand på ein bortekamp og aldri før har det vore så mange ostringar på Kuventræ og VH var ikkje eit av laga eingong. Det gjekk nesten, men fem minutt før slutt fekk Os det avgjerande målet og rykka dermed opp med begge sine lag. Gleden vart kortvarig for Osingane. Året etter bar det rett ned igjen med begge laga.
Litt artig at trenar Jo Solberg får sjansen til å slå nettopp Os i sin siste kamp som VH-trenar. Tippar den skalpen sitt høgt på ønskelista til "da tøffaste so e skapt" som Solberg vert kalla i VatleBros sin siste klubblåt, Furubakken Fort.

2010
1Valestrand Hjellvik221651631653
For ein sesong for VH og Jo Solberg. Opprykk 7 minutt på overtid i siste serierunde mot Loddefjord. Årets TV-øyeblikk i sportsavdelingen til TV2. Trenar Jo Solberg hadde klart det som få trudde var mulig. Han hadde ført Valestrand Hjellvik opp i den nye nasjonale 3. divisjonen med kun 12 avdelingar. Aldri før har lag frå Osterøy spelt på så høgt nivå. Med all respekt for Hausvik og Osterøy sine tidlegare prestasjonar, så er nivået på dagens 3. divisjon fleire hakk høgare enn då desse laga spelte på 4. nivå i norsk fotball.
Festen i bygda varte i dagevis og det burde vel strengt tatt vore sett opp ein statue av Joen på Furubakken.

2011

Katastrofal start med 5 strake tap. Trenaren ba spelarane gå i seg sjølv, og bevisa for han at dei var klare for dette nivået - og trenaren fekk svar. Dei fem neste kampane enda med 3 sigrar og to uavgjorte. Trur nok at skalpen til Øystese på bortebane (for begge lag) smakte best for Solbergen, men revansjen mot Sotra var nok ikkje langt bak den heller.
No ledar han laget for siste gong i denne omgang. Motstandar er Os og ingenting hadde vel vore betre enn tre poeng til Joens Menn. Møt opp på Furubakken og ta farvel med ein som har sett merke etter seg på Valestrand, ein som har bygd bruer mellom bygdene på Osterøy, ein som har vore seg sjølv og hatt klokketru på at han skulle føra Valestrand Hjellvik opp i 3. divisjon då han tok jobben for snart 5 år sidan.
Takk Jo! Sokna Jo....