Jonas matchvinnar

KLEPPESTØ, ASKØY: Jonas Hauge (t.h. på bildet) ordna tre sterke bortepoeng for Valestrand Hjellvik med si scoring i sluttminuttane mot Askøy i dag. Alexander Lenning førte VH i leiing tidleg i kampen, men heimelaget utlikna like før pause. I andre omgang kom Jonas Hauge innpå, og vart altså matchvinnar for dei svarte og kvite...

Jubelen ville ingen ende ta blant dei tilreisande supporterane, og på VHFK si LIVE-dekning tok det heilt av då Jonas trilla ballen forbi Askøykeeperen i det 83. minutt.

Her kan du sjå mål frå kampen (Askøy FK)