Kampen om ny kontrakt

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Joen og hans menn gjorde i kveld ferdig siste finpussen før den viktige heimekampen mot Skjold laurdag. Keeper Robert Eikeland er endeleg tilbake i full trening, og tidlegare Tromsøspelar Alexander Lenning ser også ut til å vera klar for å visa sine kunstar for heimepublikummet. Etter tre poenglause startkampar er kampen om ny 3. divisjonskontrakt i gang for alvor, og Joen sine menn bør ikkje avgje poeng på Furubakken laurdag...

Kampen for å overleva i 3. divisjon kjem til å verta lang og hard for Joen sine disiplar, og målet er altså å ha minst tre lag bak seg på tabellen når status skal gjerast opp utpå hausten. Skal Furubakkenlaget klara å klora seg fast på dette nivået, bør dei ta full pott i dei såkalla 6-poengskampane mot dei andre botnlaga.

Klarer dei svarte og kvite i tillegg å gjera Furubakken til sitt fort, der det vert vanskeleg for motstandarane å kapra alle poenga, kan grunnlaget for fornya kontrakt leggast her. Skal laget klara dette, må supporterane og lokalbefolkninga ellers støtta dei i kvar kamp framover. Publikum viste lovande takter i plaskregnet under serieopninga mot Haugesund 2, og håpet er at folk stiller mannsterkt til kampen mot Skjold på laurdag.

Gultrøyene frå Haugesundstraktene har sett opp buss til Valestrandsturen, og det vert spennande å sjå kor mange supporterar som fylgjer laget sitt nordover. Uansett kan nok Skjold verta ein arg konkurrent til VHFK i kampen om fornya kontrakt. Laget vann seriepremiera heime mot Åkra, men har sidan tapt stort mot begge eliteserierieklubbane sine rekruttlag. Først 0-5 borte mot Haugesund 2, og så 1-8 heime mot Brann 2.

Are Bryhn, som av trenar Solberg vert omtala som "lagets einaste stjerne", vert dessverre ikkje klar til kampen mot Skjold. Han slit framleis med skaden han pådrog seg under serieopninga mot Haugesund. Furubakkenpublikummet kan derimot gleda seg til eit nytt bekjentskap på laurdag. Tromsøværingen Alexander Lenning ser ut til å vera på god vei mot seriedebut på heimebane, og den tidlegare TIL-spelaren kan fort verta ein ny yndling for gjengen på bunkersen.

Det er viktig at folket på Valestrand og traktene rundt kjenner si besøkelsestid, og møter opp for å støtta laget i svart og kvitt no når dei treng det mest.

Laurdag kl. 14.00 på Furubakken vert det fest i svart og kvitt.