Klart for årets bortekamp

Det er klart for årets bortekamp lørdag kl. 16.00 i Norheimsund. På seminaret i Kongshall i vår valgte VHSK ut kampen mot Øystese til årets bortetur. Ingen unskyldning skal visst vera god nok for å ikkje ta turen for å heia på A-laget i morgon. VTV er på plass med livedekning av kampen og forhåpentligvis er nytt stativ til filming på plass.

Øystese er skyhøge favorittar i følge Norsk Tipping som har satt opp kampen på langoddsen. Med ein odds på usle 1.15 for hjemmeseier til Øystese er det vel neppe nokon som satsar pengar på VHFK-tap i morgon.

Valestrand Hjellvik har funne storforma dei siste kampane og har 7 poeng på dei tre siste kampane. Dermed har Joens menn 3 lag bak seg på tabellen etter 8 serierundar og er på trygg grunn for første gong i 3. divisjon. Klarer VH å ta poeng i morgendagens kamp er det utruleg sterkt.
 Øystese har ambisjonar om å ligga i toppen av avdelinga og har sålangt kapra 13 poeng. Dei har eit tett og kompakt forsvar som slepp inn lite mål. Kun Fyllingen har henta færre ballar ut av eige nett denne sesongen. På topp er Espen Bjørkelvoll ein mann som Torgeir Rud & co må ha kontroll på. Han står bokført med 7 av 17 mål sålangt i sesongen og toppar med det toppscorartabellen i avdelinga.
Det blir uansett full stemning på tribuna når desse to laga brakar saman i Norheimsund i morgon.
Ta turen i finværet og få med deg denne viktige kampen. Krigarane til Joen treng all den støtte dei kan få i morgon.