Klart for festival

Det er klart for den 20. utgava av Osterøyfestivalen. I år vil alt skje på Furubakken Stadion og det skal vera store telt på plass så været har ingen ting å sei. Det blir Talentiade, motorsagkunst, heftige bilar og mykje musikk. Heile 5 uilke band skal på scena i løpet av fetsivalkvelden. Lenger nede i artikkelen kan du høyra smakebitar frå nokre av dei som skal på scena.

Festivalen flytter opp igjen på bana!

I år skal det bli ein skikkelig festivalarena ved fotballbana. Her vil alt programmet foregå på festival laurdagen og me trur dette vil skape ein god atmosfære rundt arrangementet. Det blir to store telt foran scena, tivolibod med sukkerspinn mm.

Festivalen starter kl. 1300 med Talentiade, Danseopptreden av Mjeldalen Ungdomslag, opptreden av Amalie Olsen, Christina Undhjem, Trent Bruner og Silje M. Vevle.

Espen Gjerstad skal få i gang stemningen med allsong og det blir motorsagshow med Arne Askeland.

For dei som likar fart og spenning er Ludvik Hunsbedt på plass med racerbilen sin.

Seks finalistar klare for Talentiaden!

Audition er no unnagjort og frå denne gjekk desse seks vidare til Talentiadefinalen laurdag 28 mai.

Julie Solberg Knutsen, 17 år, Indre Arna
Andreas Gjerstad, 16 år, Votlo
Sebastian Haugland, 14 år, Valestrand
Ingeborg Vevle, 13 år, Lonevåg
Jeanette Sunde, 16 år, Nonås
Ole Markus Gundersen, 12 år, Valestrand

Vel møtt på furubakken kl. 1300!


Festivaldeltakarar med stand

Det vert fleire interessante stands å sjå på festivalarenaen. Mellom anna vil racerbilen til Nomaco racing team vere der med sjåfør, Ludvik Hunsbedt. Hunsbedt vil også fortelje litt om årets sesong. Arne Askeland kjem også med stand og vil i tillegg ha ei oppvisning der han skal imponere oss med motorsagkunst. På standområdet vil du også få muligheten til å smake på cold cats, snakke med Eiendomvest AS, sjå på ATVer og kjøpe sukkerspinn, popcorn osv frå ei Tivolibod. Dette vert kjekt!



Banedans frå kl. 1900 (18 års grense)
Det vert mange gode artistar å sjå under årets festival. Heile fem band innafor sjangerane “rockabillyblues” og Bluegrass er booka og klar til å underhalde oss den 28. mai.
Desse er: Orbo and the Longshots, Earlybird Stringband, Yngve and his boogie legs, Cruising in the Lizzymobile og The Ritz band.

Her kan du høyre og sjå artistane som kjem på Osterøyfestivalen 2011. Trykk på det bandet du vil høyre.

Orbo & The Longshots

Earlybird Stringband

Cruising in the Lizzymobile

Yngve & His Boogie Legs

The Ritz Band

Info om prisar og billetter
Talentiaden

Vaksne: 100,-

Born (under 16 år): gratis

Konserten(aldersgrense 18 år):

kr. 300,-

FESTIVALPASS dekker talentiade og konsert og koster kr. 350,-

Billettar fås kjøpt på Hydro, Valestrand og i døra på dei ulike arrangementa.