Kreftene tok slutt

Valestrand Hjellvik tapte 4-1 for Fyllingen i dag. Etter ein jevn og god 1. omgang hadde heimelaget eit ekstra gir i omgang nr. 2 og dermed vart VHFK spelt ball i hatt med i periodar. Til pause var stillingen 1-1 etter at Trygve Nilssen utnytta rot i Fyllingen sine bakre rekker og utlikna på lekkert vis. I andre omgang satte heimelaget inn Nikolai Misje som var svært aktiv på sin venstrekant og var svært delaktig i måla som rann inn bak Robert Eikeland.


Før kampen:
Det er klart for 11. serierunde i 3. divisjon og VHFK reiser til Fyllingsdalen for å møte topplaget, Fyllingen. Dette er nok ein av dei vanskeligaste kampane i år for Joens Menn. Fyllingen var i Tippeligaen i 1991 og 1993 og nådde cupfinalen i 1990 der dei tapte 5-1 for Rosenborg. Etter mange sesonger i Adeccoligaen og 2. divisjon måtte dei ta turen ned til 3. divisjon. I dag kl. 1600 møter dei Valestrand Hjellvik.
Trenar Jo Solberg slit
forsatt med ein del skadde spelarar. Fleire sentrale spelarar har slitt i det siste. Are Bryhn har kun fått ein kamp sålangt og vi håpar snart å sjå han briljera igjen på Furubakken. Joachim Solberg har vore ute i fleire kampar, men nermar seg kampform. Kalle Fiskå knakk håndleddet i kampen mot Øystese og er usikker til dagens kamp. Kristoffer Bognøy sliter med kneet og er ikkje 100 %. Frank Hansen fekk seg ein lei strekk i Øystese-kampen og måtte ut tidleg. Usikkert om han er klar til kamp.
Skal ein stola på ryktene manglar Joen to spelarar som er i bryllup og på ferie.

Du kan følge kampen Live i vårt livesenter til venstre i menyen under A-lag Herrer.

VTV treng kamerafolk til å filma kamper med A-laget. Kunne du tenkt deg å prøvd dette er du hjertlig velkommen i VTV sine rekker. Du vil få opplæring bak kamera.
- Dette kan alle som har sett litt fotball klare, seier Reidar Liabø til vhfk.no og håpar nokon melder seg til tjeneste i VTV.