Lenning med kanonscoring

VESTLANDSHALLEN, Sotra - Valestrand Hjellvik 4-1 (2-1)<br /><br /> Aleksander Lenning slo til med en kjempescoring i dagens treningskamp mot Sotra i Vestlandshallen. Han fekk ballen på venstrekanten og tråkla seg gjennom forsvaret før han banka ballen i motsatt vinkel. Dermed hadde VH fått en kjempestart med 1-0 ledelse etter ti minutt.

Jo Solberg var fornøyd med scoringen til 21 år gamle Lenning, men trur han har mykje meir på lager når forma vert bedre. -Eit kanonmål! , seier trenaren.

 

Sotra slo knallhardt tilbake etter at VH var det friskaste laget første halvtimen. Laget som havna på øvre halvdel i fjorårets 3. divisjon utligna i det 35. minutt og på overtid i første omgang hadde dei snudd kampen til sin fordel.

Like etter pause økte SSK til 3-1 og seinare i omgangen til 4-1.

Resultatet lyg nok litt i forhold til målsjanser. VH vart klart snytt for eit straffespark og både Magnus Opheim og Jonas Hauge kunne fort havna på scoringslista. Begge hadde kjempesjanser som dei desverre brente.

VH viste friske takter i perioder,men alt i alt vann Sotra ein fortjent seier.

 

Trenar Jo Solberg seier i ein kommentar til vhfk.no at han ikkje er heilt fornøyd med kor langt laget hans er komme i oppkjøringen til årets sesong. På denne tida i fjor såg det bedre ut.

Han håpar han får inn litt forsterkningar i dei bakre rekker før sesongstart. Der er det litt tynnt med tanke på skader.