Løp og kjøp!

No kan du bytta ut nummerskiltbrikka på bilen din til Valestrand Hjellvik. Klubben står i dag med stand i sentrum og sel dei splitter nye reklamebrikkene som skal pryda bilane i bygda. Prisen er 100.- kroner hvis du tar jobben med å skru dei på sjølv og 200.- hvis du lar Dekk Vest gjera jobben. Uansett går heile beløpet til VHFK!

-Planen er å stå med stand i sentrum før kvar A-kamp, seier Ove Håland i ein kommentar og håpar på denne måten å få solgt fleire supportareffektar og klubbutstyr.
I sentrum i dag kan du kjøpa brikker til bilen, vimplar og skjerf samtidig som du kan få med deg innspurten av valgkampen til dei ulike partia.
Dei som har etterlyst paraplyar med logo går og ei lysare tid i møte. Desse er i bestilling og kjem snart til ein supportarbutikk nær deg.