Mats Solberg klar for VH

Mats Solberg er klar for Valestrand Hjellvik etter å ha skrive under ei toårskontrakt med klubben. Dette er årets andre signering for VH, og nok ein gong er det ein spelar frå Tromsø som er klar for å ta på seg den svartkvite drakta. Mats Solberg håper å debutera i laurdagens kamp mot Åsane 2 i Vestlandshallen.

Han spelte for Frognerparken i 3. divisjon  forrige sesong. No har han flytta til Bergen, og tilfeldighetar ville det slik at han havna under Jo Solberg sine vengjer. Trenaren vart tipsa av Jo Are Vik i Troms Fotballkrets om at dette var ein spelar det kunne vera lurt å sjekka ut sidan han skulle flytta til Bergen. Mats Solberg var på ein del treningar med VH før jul, og etter ein lengre juleferie med besøk til Tromsø for å ordna ein del praktiske ting, er han no endeleg klar for VHFK.

Mats Solberg har vore innom ei rekkje klubbar i si karriere. Han har fleire sesongar bak seg i Ishavsbyen FK før han gjekk til Frognerparken i 2010. I tillegg har han spelt for Tuil, Fløya, Vind, Gjøvik-Lyn og TU NightHawks. Han har ein frykta venstrefot og likar seg best framover på bana, men spelte venstreback i Frognerparken.

Vi ønskjer Mats Solberg velkommen til Valestrand Hjellvik, og håpar og trur han vil setta sitt preg på årets sesong i 3. divisjon.