Minnemarkering mot Brann 2

Valestrand Hjellvik sparkar i gang haustsesongen måndag 8. august kl. 1900 på Furubakken. På motsett banehalvdel står Brann 2. Kampen vil verta innleia med ei minnemarkering over tragedien som utspann seg på Utøya 22. juli, der to av våre beste ungdommar mista livet i den meiningslause terroraksjonen.

Alle spelarar og dommartrio vil ha med seg kvar si rose under innmarsjen, og før kampstart vert den tragiske hendinga markert med eitt minutts stillhet for dei 77 omkomne. Dei to omkomne frå Valestrand har begge ei fortid i klubben.
 Tore Eikeland har vore aktiv spelar, trenar og dommar i klubben. Han var også ein ivrig Newcastle-supporter, og når det vart kjent at han var ein av dei drepne etter Utøya kom det minnehelsingar frå Premier League-klubben sin manager Alan Pardew.
– Spesielt vil jeg sende tanker til de rundt Tore Eikeland, som vi vet var en stor Newcastle-supporter, og en viktig bidragsyter på Newcastles norske hjemmeside. Spillerne, trenerstaben og alle andre i klubben ønsker å kondolere til Eikelands familie og venner som mistet sin kjære den dagen, sier Pardew.
Tore Eikeland var bror til A-lagskeeper Robert Eikeland, og våre varmaste tankar går til han og hans familie i denne sorgtunge tida.

 Tarald Kuven Mjelde har tidlegare vore spelar i Valestrand Hjellvik, før han via meir tid til politikken dei seinaste åra og gav seg med aktiv fotball.
Tarald var son til jentelaget sin trenar Bjarte Kuven, og våre varmaste tankar går til han og familien hans i denne vanskelege tida.

Både spelarar og dommartrio vil ha på seg sørgebånd under kampen.
Møt opp på Furubakken i god tid før kampstart og vis di støtte mot terror i denne markeringa.