Mjelde ny VH-trenar

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Tidlegare Branntrenar Mons Ivar Mjelde er mannen som tek over trenaransvaret i Valestrand Hjellvik etter Jo Solberg. -Mons Ivar skal ha hovudansvaret ut sesongen i første omgang, så får vi ta ein prat og sjå kva den bringer, seier ein fornøyd formann Ove Håland til vhfk.no<br /><br /><br />

WEB-TV: Sjå intervju med Mons Ivar Mjelde her...

Mons Ivar Mjelde startar umiddelbart som trenar for VHFK, og har si første trening på Furubakken i morgon. Han vert forhindra frå å følgja laget til bortekampen mot Åkra neste laurdag, og avtroppande trenar Jo Solberg vil difor steppa inn og leia laget i den kampen.

Mons Ivar Mjelde sin siste trenarjobb var i Adeccoligaklubben Bryne, og engasjementet på Jæren vart avslutta ved sesongslutt 2009. Han var trenar for Sportsklubben Brann frå 2003-2008, og førte laget til NM-gull i 2004, og seriegull i Tippeligaen i 2007.


I 1992 scora han to mål for Lillestrøm i cupfinalen, og vart toppscorar i eliteserien året etter med 19 mål for same klubb.  I 1996 mottok han Kniksenprisen som Årets angriper, etter å ha scora 19 mål på 15 seriekamper for Brann.

Mons Ivar Mjelde spelte tre landskampar og scora to mål for Norge.



KlubbKamperMålPeriode
Norge Hausvik FK



Norge Moster


Norge Brann3171989-1990
Norge Bryne37121991-1992
Norge Lillestrøm53291992-1994
Østerrike Austria Wien62281994-1995
Norge Brann97481996-2001
Norge Sogndal (lån)722001-2001

Karriere som trenar

Sommaren 2001 la Mjelde opp som aktiv fotballspelar og gjekk inn i trenarapparatet i Brann. I januar 2003 overtok han som hovedtrener for laget.

Mjelde vann sin første tittel som trenar i 2004, då Brann tok cupgull på Ullevaal. Samme år leia han laget til bronseplass i Tippeligaen. I 2005-sesongen enda Brann på 6. plass, før dei i 2006 igjen var på pallen med 2. plass og sølvmedalje.

2007

I sesongen 2007 førte Mjelde Brann til seriegull for første gong på 44 år. For prestasjonen vart han tildelt Kniksenprisen som årets trenar. I tillegg til dette vart han også kåra til Årets Trener av Trenerforeningen. Mjelde førte også Brann vidare frå gruppespelet i UEFA-cupen.

2008

Etter ein heller svak sesong resultatmessig vart det innkalt til pressekonferanse i Brann 7. oktober 2008. Mjelde stilte sin plass til disposisjon, men vart beden om å leie laget ut sesongen.

2009

 I  juni 2009 vart det offentleggjort at Mjelde hadde skreve under kontrakt som trenar for Bryne,  som på dette tidspunkt låg på direkte nedrykksplass i norsk 1.divisjon. I sin debutkamp mot rivalane Stavanger vann Bryne 2-0. Mange var nok overraska over at Mjelde takka ja til ein såpass liten klubb etter å ha leia Brann til seriegull. Mjelde sjølv begrunna valget med at avstanden frå familien ikkje var større enn at det gjekk an å pendle, samt at han hadde eit personleg forhold til klubben etter å ha vore der som spelar tidlegare i karriera. Mjelde gjorde jobben sin, og redda Bryne frå nedrykk og sikra ny kontrakt i 1. divisjon. Etter siste kampen mot Moss kunngjorde Hausingen at han ikkje ønska å fortsette som trenar i Bryne FK.

Oppsummering som trener

KlubbStillingPeriodeMeritter
Norge Sportsklubben Brannassistenttrener2001-2003
Norge Sportsklubben Brannhovedtrener2003-2008
Norge Bryne FKHovedtrener2009